«Notheng – kystens katedraler» - eit foredrag av Arne Blix

Publisert 20.03.2023

«Notheng – kystens katedraler» er eit foredrag av Arne Blix som vert halde på Bjørnafjorden biblioteket 23.03. kl. 18.00. Det er Fortidsminneforeininga-Bjørnafjorden lokallag som har invitert Arne Blix til Os, og det er ope for alle med interesse for kystkultur å koma på foredraget.

Historia om nothengja er interessant og viktig som ein del av fiskerihistoria vår, og slik ein viktig del av kystkulturen. Ein gong i tida også ein særs synleg del av kulturen, med om lag tusen høgreiste og langstrakte nothengjer  langs kysten vår. Funksjonen til desse sermerka bygga, var ein stad for å tørka garn og nøter som var laga av naturfiber. I arkivet til Os og Fusaposten er det ein artikkel om «Hengjo i Skår» av Toril H. Hauge. 

Arne Blix har i fleire år studert historia med nothengjene på reiser langs kysten, snakka med dei som hadde jobba i desse byggverka og søkt informasjon i arkiv. Dette arbeidet har han publisert i boka «Notheng – Kystens katedralar». Personleg røynsle har han frå å stå bak rekonstrueringa av eit stort hengje på kysten av Trøndelag. Det vil vera nokre eksemplar av boka for sal 

I foredraget sitt vil han fortelja om historia med bakgrunn og utvikling og arbeidsprosessane i hengja med tørking og barking. Han vil presentere bygget med alle detaljar, og omtale fleire av dei bygga som framleis står. Han vil fortelja om nothengja som kulturminne og som inspirasjon for nye bygg i strandlina, og nothengja som leikeplass og sosial møteplass. 

Alle er velkomne til biblioteket i Os på torsdag den 23.mars kl 18.00 i Bjørnafjorden bibliotek , Holtbrekka 7, Os 

For fortidsminneforeininga Bjørnafjorden lokallag

ved Ingebjørg Astrup