Restaurering av vindauge i Valdres

Publisert 02.03.2021

På kurset skal vi lære å restaurere gamle vindauge. Det blir mykje praktisk arbeid og ein del teori. Kurset går føre seg i Slidrehuset på Valdres Folkemuseum.

Når me her i Valdres pratar om "glas", pratar me om heile vindauge, med karm, ramme, sprosser og sjølve glasruta.Er du så heldig at du er eigar av eit gamalt hus der glasa ikkje er skifta? Er du klar over at desse gamle glasa kan bli like bra, eller betre, enn nye glas? Både når det gjeld varmeisolering og støyisoelring! I tillegg beheld du ei viktig historisk kjelde, gode materialar, flotte profilar på listverk og sprosser som vanskeleg let seg erstatta.
 
Skiftar du glasa i huset ditt, kan du sikkert få ein dyktig snekker til å kopiera dei gamle, og få det nesten likt. Men "nesten likt" er ikkje nok. 

Kanskje er dei gamle glasa ròtne og stygge? Eller er dei ròtne? Om du stikk ein kniv inn i det gråe treverket råkar du truleg friskt og hardt treverk, sjølv om vedlikehaldet har vore fråverande dei siste tiåra. Kitt og måling har ikkje vore tema. Kanskje er det råte? Likevel treng du ikkje skifta glasa dine, dei let seg reparera. Vil du få ein snekker til å ta på seg dette? Eller vil du gjera det sjølv men synest ikkje du kan nok? Fortvil ikkje. Eit av kursa Valdresmusea arrangerer i år handlar om dette; korleis skifta ut råte i glaset, korleis ta vare på det for framtida og korleis kan eit gamalt glas bli like bra, eller betre, enn eit nytt?

Ta gjerne med eigne glas eller bli på å pusse opp glas på eit museumshus.

INSTRUKTØR: Tone Martinsen

TID: 8.-10. april 2021 (24 timar over 3 dagar)

STAD: Slidrehuset, Valdres Folkemuseum

PRIS: Kr 2.500 (rabattpris kr 2.200 for medlemmer av Verne-Vøla/Fortidsminneforeningen og dei med årskort til Valdresmusea). Det kan bli mindre tillegg for materialar.

PÅMELDINGSFRIST: 1. april 2021

MÅLGRUPPE: Kurset er ope for alle, men vender seg mest mot dei som ikkje har særleg erfaring frå før.

SPØRSMÅL OG PÅMELDING

Kontakt: odd.arne.rudi@valdres.museum.no, tlf. 97 68 90 65
Valdres Folkemuseum, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes

BETALING til konto nr 2070 05 01524, merk med tittel på kurset.