Smedsamling i Hjelmeland

Publisert 08.11.2021

Me inviterer til første smedsamling i Spinneriet i Hjelmeland laurdag 20.november kl 9.00 – 17.00.

Målgruppa er alle interesserte i alle aldrar, nybegynnarar og dei som har smidd noko før. Målet er å få opp interessa for smedarbeid og tradisjonshandverk generelt i eit miljø på tvers av generasjonar.

Det vil vera 2 esser i sving og mange gode hjelparar. Her kan du smi det du sjølv har lysst til, krokar, hakar, hengsler og knivblad. Du vil få hjelp til å komma i gang og til å komma vidare i smedfaget.

Deltakaravgift: Kr. 300,- for medlemmer/ungdom, kr. 500,- for ikkje-medlemmer.

Vipps 95323 eller kontant ved frammøte. Dette dekkar materialutgifter mm.
Påmelding til: ryfylke@fortidsminneforeningen.no
Grete Holmboe 480001359/ Leif Harald Jørmeland 905 25 420