Smijarn ved middelalderkyrkja

Publisert 10.04.2024

Kom og høyr Torill Thømt fortelje om sine funn av smijarnsbeslag ved norske mellomaldrekyrkje! Tysdag 16. april kl 18:30 i besøkssenteret ved Borgund stavkyrkje.

Torill vil ta oss med til stavkyrkja og vise kva ho har funne ut om smijarnsbeslaga ved ved Borgund stavkyrkje.

Torill Thømt, tidlegare direktør ved Valdresmusea, driv eit spanande smijarnsprosjekt saman med ekspertar frå heile landet. Prosjektet byggjer på eit langt engasjement for smijarn ved dei norsk mellomalderkyrkjene. Mange av kyrkjene, og endå fleire smijarnsbeslag har forsvunne, men vi har mange nok til at vi kan danne oss eit bilete av typar, variasjon og utbreeing av smijarn frå mellomalderen.

Magisteroppgåve til Torill omhandla smijarnsbeslag i Sogn og Valdres, med eit sideblikk til andre norske beslag, i tillegg til Sverige, Danmark, Tyskland og England. I 2022 gav ho ut bok om emnet.

Enkel servering.


Arrangør: Lærdal historielag og Borgund stavkyrkje FMF