Bli med og stifte lokallag i Vest-Telemark!

Publisert 01.02.2024

Ein liten flokk her i Vest-Telemark har sett trongen for og har lyst til å starte opp eit lokallag med eit positivt fokus som engasjerar og inspirerar. I dette høvet bed me deg til stiftingsmøte 11. februar på Eidsborg museum.

Tid: Søndag 11. februar kl. 13:00

Sted: Eidsborg museum (Vest-Telemark museum), Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo

Hei, alle gode eldsjeler som interesserar seg for gamle hus, tun og tradisjonar.

Ein liten flokk her i Vest-Telemark har sett trongen for og har lyst til å starte opp eit lokallag med eit positivt fokus som engasjerar og inspirerar. Me ynskjer å vera synlege i alle kommunane i Vest-Telemark med til dømes medlemsmøte med foredrag, ymse temadager, bygdedagar, samarbeid med andre lag og me vil skipa til turar til interessante og inspirerande tun og menneske. Me ynskjer eit lokallag lagt til rette for barnefamiliar, so alle kan vera med. Dette skal også vera moro for born.

Me ynskjer at medlemene skal kunna koma med sine gode idear og engasjere seg, sjølv om dei ikkje sit i styret. I dette høvet bed me deg til ope stiftingsmøte. Medlemer av Fortidsminneforeininga har røysterett på denne samlinga. Er du ikkje medlem og ynskjer å bli det, kan du skrivast inn og vera med og røyste på det nye styret.

Me ynskjer fleire som kan stille til val som styremedlemer og valnemd, meld gjerne di interesse til Thomas på thomas_san_jak@hotmail.com eller på tlf 98641431.

Program:

1300: Me startar med litt mat i museumskaféen. Eigenandel 100 kr pr. pers. Innskriving av røysteføre,

nye medlemer og innskriving for dykk som ynskjer å stå på valglista som styremedlem.

1330: Informasjon om bygningsverntjenesten, Trond Arild Pedersen.

1345: Kvifor mitt engasjement, Ellen Nordstoga.

1400: Informasjon om «Lys i gamle hus i Vinje» ved Silje Hagen.

1415: Kva er eit lokallag og kvifor vil me ha det? Thomas Sandvik Jakobsen.

1430: Innspel og dialog om vidare arbeid, kaffe og kakur.

1500: Val og stiftingsprotokoll med gjennomgang av vedtekter.

Dette ynskjer me å dekke: Styreleiar, nestleiar, kasserar, skrivar, og valnemnd.

Valet gjeld inntil fyrste ordinære årsmøte, 2025

1600: Avslutning

 

Velkomen skal du vera.

Me gler oss til å sjå deg og treng dine gode idear og innspel!

Helsing arbeidsgruppa