Opplev 1000 år gamle treskjerarteknikkar ved Urnes stavkyrkje

Publisert 31.07.2023

Frå 1. til 11. august kan besøkjande til Urnes stavkyrkje sjå nokre av dei fremste treskjerarane i landet i aksjon. Høvet er prosjektet «Treets Meister» i regi av Fortidsminneforeningen: å laga ein kopi av den berømte Urnesportalen.

Dette er tredje året at besøkjande til verdsarven Urnes stavkyrkje får oppleva handverksdimensjonen knytt til stavkyrkja si historie på denne måten. Her kan ein følgja treskjerarane demonstrere eldgamle teknikkar, stille spørsmål og rett og slett la seg fascinera av arbeidet med gjenskapinga av 1000 år gammal treskurd. 

Tysdag 1. august går dei dyktige treskjerarane August Horn, Jon Anders Fløistad og Øystein Lønvik frå Treskjærerverkstedet i Bærum i gang. Med seg har dei verktøy smidd som i mellomalderen og massive treemne dei skal bryna seg på for å skjera fram den svært intrikate Urnesstilen.

Til opninga av årets treskjerarverkstad foran stavkyrkja kjem både fylkesordførar i Vestland Jon Askeland og ordførar i Luster Ivar Kvalen. Det gler Trude Knutzen Knagenhjelm, styreleiar i Fortidsminneforeininga.

- Det planlaga verdsarvsenteret vil få mykje å seia for reiselivet lokalt og i regionen og interessa både for besøkssenteret og attskapinga av Urnesportalen er stor. Den ferdige kopien skal bli ein viktig del av opplevingane i det kommande verdsarvsenteret som skal byggjast i bygda Ornes, seier Knagenhjelm som og håpar lokalbefolkninga kjem innom.

Treets meister – ei treskjerarutfordring fra 1000-talet

Urnesportalen fra kring 1070 er eit ikonisk kunstverk og var ein viktig motivasjon då stavkyrkja blei skriven inn på UNESCO si verdsarvliste i 1979. Sidan 2021 har Fortidsminneforeininga samla nokre av dei beste treskjerarane i Noreg for å lage ein kopi av portalen med same typen verktøy, material og handverksteknikkar som vart brukte i mellomalderen.

Prosessen med å skjere ut ein kopi stiller store krav til fagmiljøet grunna dei intrikate utskjeringane. Det er krevjande berre å finne material av rett kvalitet og storleik – det tok eit og et halvt år å finne ei furu som var stor nok!

For å fremme samarbeid og faglig utveksling i treskjærermiljøet er oppdraget fordelt på tre utvalgte team, som skal jobbe med hver sine deler av portalen, henholdsvis venstre planke, høyre planke og overligger/dørblad/svill/stavleie. Prosjektet skal utforske middelalderens arbeidsprosess gjennom temaer som materialkvalitet, design, verktøy og skjæreteknikker.

Som eit viktig opplevingsobjekt i det komande verdsarvsenteret skal portalen formidle handlingsborne kunnskapstradisjonar knytte til treskjering og samstundes inspirere skaparkrafta hjå publikum.

Du kan lese meir om «Treets Meister» og det komande verdsarvsenteret på Urnesstavkirke.no