Verktøykveld i Valdres

Publisert 24.11.2021

Velkomen til ein hyggeleg kveld for alle som er nysgjerrige på gamle verktøy. Har du utstyr heime, ta det med så andre får sjå!

Valdresmusea, Frivilligsentralen og Husflidslaget i Vestre Slidre invitera til verktøykveld i Halvorsbøle i Sjukeheimsvegen 4.

Måndag 29.november kl. 19.00

Ta med verktøy eller utstyr du lurer på kva er, eller som du har lyst til å visa fram, eller om du berre har lyst til å møtast for å prate om det som var, møtes me for å undra og beundra denne kvelden.

Utstyr til bruk på kjøkenet, i verkstaden eller i skogen, alt er like interessant!

Me får med oss tradisjonsbærarar som har greie på mangt og mykje, og som gjev gode svar og bidreg til gode samtalar! Alle er velkomne til ein hyggeleg prat og litt servering!

Håpar mange finn vegen hit denne kvelden!