Vernekafe på Dråpe

Publisert 03.11.2023

Fortidsminneforeininga Sunnmøre lokallag inviterer til vernekafe i Ålesund. Få tips til vedlikehald og reparasjonar av huset ditt.

GAMLE HUS TRENG GODT STELL!
Skal resultatet bli godt og varig, må vedlikehald og reparasjonar gjerast med metodar som passar til byggemåten. Alle typar ettersisolering er t.d. ikkje bra for alle typar hus, og moderne målingstypar passar ofte ikkje saman med det som er på huset frå før. Feil metode kan føre til dyre reparasjonar seinare.
Korleis skal ein utføre vedlikehaldet og reparasjonane slik at huset varer lengst mogleg?
Det kan koste ein del pengar, derfor kan det vere greitt å finne fram til dei tilskotsordningane som finst. Det kan faktisk vere ein del pengar å tene.
Fortidsminneforeininga vil gjerne hjelpe dykk med gode råd i den prosessen – HEILT GRATIS!