Villblomedagen ved Urnes stavkyrkje

Publisert 07.06.2023

Kulturmiljødag for små og store

Søndag 18. juni ønskjer me born og vaksne velkomen til å bli kjend med blomane kring Urnes stavkyrkje på Ornes i Sogn.

Denne dagen blir eit heilt nytt aktivitetshefte lansert med Fortidsminneforeininga sin bornemaskot, Fortimus, flaggermusa med supervernkrefter. Heftet «Fortimus i enga», blir delt ut gratis til dei som kjem. Og kanskje har den gamle Urnesløva også ei overrasking på lur.

Liv Norunn Hamre, økolog ved Høgskulen på Vestlandet, vil ta oss med på ei vandring der me leitar etter villblomane i områda kring Urnes stavkyrkje.

På turen vil me bli kjent med kva blomar som veks i grøfter og vegkantar og på beite- og slåtteeng og kvifor det er så viktig å ta vare på dette mangfaldet. Kjenneteikn, lokale namn og medisinsk bruk av plantene er også stikkord for dagen.

Me satsar på ein felles matpause i løpet av turen, så ta gjerne med drikke og nistepakke.

For dei som har lyst vil det bli moglegheit for omvising i stavkyrkja etter vandringa. Gamlefjøsen Kafé på Urnes gard held ope frå kl. 11-16. 

Oppmøte: Parkeringa i krysset på Ornes kl. 11:30. Det går ferje frå Solvorn kl. 11. Pris for ferje: 45 kr for vaksen og 22 kr for born per veg.

Varigheit: 2-3 timar

Kontaktperson: Morten Stensland Løwe (tlf. 90139097)

For meir informasjon om Villblomedagen 2023, sjå Norsk Botanisk Foreining.

For rutetider på ferja, sjå Lustrabåtane.

Vel møtt!

Arrangørar: Botanisk Foreining Vestland, Fortidsminneforeininga og Verdsarven Urnes.

Villblomedagen blir arrangert årleg av Norsk Botanisk Forening, og er eit nordisk samarbeid. Over heile Norden går det blomstervandringar tredje søndag i juni. Fortidsminneforeininga er med i feiringa for første gong i 2023, og har arrangement på Abborhøgda på Finnskogen og ved Urnes stavkyrkje i Luster i Sogn i samarbeid med Verdensarven Urnes. Fortidsminneforeininga er oppteken av å formidla kultur- og naturarv i samanheng, og bidra til FNs berekraftsmål