Olsok-konsert i Torpo stavkyrkje

Publisert 17.07.2020

Helga Myhr og Rasmus Kjorstad byr på folkemusikk frå Gudbrandsdalen og Hallingdal med mellom anna langeleik, fele/hardingfele og vokal.

Myhr og Kjorstad er to unge musikarar som dei siste åra har markert seg som sterke utøvarar innan folkemusikk og eksperimentell musikk. Dei har studert på Norges Musikkhøgskole i Oslo og saman fekk dei Øivind Berghs minnepris i 2019. Dei spelar i lag i gruppene Dei kjenslevare og Morgonrode. Sisnemnte vann i år Spellemannprisen i kategorien folkemusikk/tradisjon for si fyrste plate.

Helga Myhr frå Torpo vart nominert til Spellemann-prisen for si fyrste soloplate, ”Natten veller seg ut” frå hausten 2019. Myhr har også medverka på fleire andre utgjevingar det siste året og er for tida aktuell i duo med cellist Tanja Orning.

Rasmus Kjorstad frå Sør-Fron i Gudbrandsdalen spelar i bandet Reolô, med musikarane Anders Røine, Hans Kjorstad og Hans Hulbækmo. Hausten 2019 kom albumet deira ”Andre sida” ut til strålande kritikkar. Han jobbar for tida med ny plateutgjeving med Hans Kjorstad

FÅ BILLETTER! KUN FORHÅNDSPÅMELDING

Bindende påmelding innen 25. juli til alvevah@gmail.com

Betales i døra kr 250, helst VIPPS eller kort.

Velkomen til en stemningsfull opplevelse i vakre Torpo stavkyrkje.

GAVEMYNTEN fra jubileet i fjor legges i monter etter konserten!