LYDVALOFTET

Eit loft med imponerande handverk

Lydvaloftet skil seg ut på grunn av det imponerande kunsthandverket, mellom anna dei utskorne dekorasjonane rundt hovuddøra i andre etasje. Her ligg dekoren utanpå tømmerstokkane som eit relieff. Loftet er stort og staseleg, og dette tyder på at det har tilhøyrt rikfolk og mektige bønder.
60,6241707 6,3848824
Lydvavegen 19, Voss, 5700

Voss, Hordaland (Vestland)

Eigd av Fortidsminneforeningen sidan 1909.

Eit stort og staselig loft frå før svartedauden. Lydvaloftet er bygd før svartedauden i 1349, kanskje til og med før 1300. Loftet heitte opphavleg Oppigardsloftet og stod mellom andre gardshus i tunet på Lydvo. Dei måla dekorasjonane på den andre av dørene i andre etasje viser òg at dette har vore eit loft for storfolk. Loftet, som har lafteverk i begge etasjane, var eit heilt vanleg brukshus med matlager i første etasje og klede og gjestesenger på loftet i andre etasje. Andre etasje blei kalla loft, og dette har gjeve namn til bygget. Huset hadde òg ein tredje etasje som blei meir tilfeldig brukt. Rominndelinga er heilt etter tradisjonen, men det som gjer Lydvaloftet spesielt samanlikna med andre loft, er det imponerande og arbeidskrevjande handverket. Seinare påbygg og vedlikehald har gjort andre etasje enno meir staseleg.

Opplevingar i området. Fortidsminneforeningen eig òg Finnesloftet og Ullestadbua, begge på Voss. Voss har mange aktivitetar å by på, frå ekstremsportaktivitetar i fjell og vatn til museum, handel og Vossajazz

Kjelder: «En reise gjennom norsk byggekunst» red. Terje Forseth. Fortidsminneforeningen 1994.