– Me vil at folk skal få kjenna på 1200-talskjensla i det dei trer over terskelen

Publisert 15.04.2024

Sjå sesongoversikt for alle attraksjonar nedst i saka

Ein vårleg utflukt? Eller planar for sommarferien? Her får du oversikta over sesongopning for alle Fortidsminneforeininga sine besøkseigedommar. Borgund stavkyrkje kan du besøkja allereie frå mandag 15. april. Og hugs: Som medlem kjem du gratis inn!

– Eg trur det kjem til å bli ein veldig bra sesong her i Borgund, seier Marit Wøllo.

Dagleg leiar for Borgund stavkyrkje og besøkssenter har gjort unna den siste innspurten i helga fram mot mandagens sesongopning for Fortidsminneforeininga si besøksverksemd; Tradisjonen tru er det nettopp den vakre stavkyrkja i den vesle bygda Borgund som er først ut.

Frå 15. april til 13. oktober vil i alt 15 gjestfrie og kunnskapsrike omvisarar ta imot rundt 60 000 besøkjande.

– Me arbeider heile tida for å sørgja for at kvar enkelt besøkjande skal få ei god oppleving, anten ein kjem i eit større følgje eller individuelt. Det er gledeleg at grupper har vorte flinke til å bestilla i god tid, noko som gjer det enklare for oss å planleggja dagen og skapa god flyt, seier Marit.

Maksimalt 20 besøkjande slippar inn i sjølve stavkyrkja samtidig, og dette er ein regel som blir praktisert strengt. Grupper større enn det blir delte opp. Ventetida utandørs blir korta med omvisning også der.
– Eit besøk til ein slik stad krev ro. Me vil at folk skal få kjenna på 1200-talskjensla i det dei trer over terskelen og inn i stavkyrkja, seier Marit.

Rekrutterer omvisarar lokalt

Fleire av omvisarane kjem tilbake for å jobba år etter år. Ekstra fornøgd er Marit med at også lokal ungdom lèt seg rekruttera som omvisarar, det tyder på ei stoltheit og tilknyting også blant dei yngre.

Høgdepunktet i sommar blir den tradisjonelle Olsok-gudstenesta. I fjor var det rundt 50 deltakarar under gudstenesta og kyrkjekaffien og i år kan det bli ny rekord; under den timelange mellomalder-gudstenesta blir det ikkje mindre enn fire barnedåp og ein vigsel!

Natur og kultur på sitt beste

No er det likevel andre høgdepunkt på gang. Våren er på veg, og snart vil heggen blomstra og få heile dalen til å dufta.

– Mai er ei heilt nydeleg tid her i Lærdal. Legg inn ei vandring langs Vindhellavegen før eller etter besøket i stavkyrkja, ein betre kombinasjon av natur og kultur finn du knapt, sider Marit.

Sjølv tek ho turen fleire gonger i løpet av sesongen, men blir aldri heilt vant til kva for ein imponerande ingeniørkunst det svingete vegfaret er.

Borgund er som vanleg den første av våre besøkseigedommer som opner, med Logtun kyrkje i Frosta i Trøndelag (1. mai) og Urnes stavkyrkje i Luster i Sogn (2. mai) som dei neste.

Blant foreininga sine attraksjonar finn du også stavkyrkjene Hopperstad, Rødven, Kvernes, Torpo, Nore og Uvdal, og alle opnar for besøk etter kvart (sjå oversikt under). Men friluftsmuseet vårt består av mykje meir: mellomalderkyrkjer, eit gardsanlegg frå 1600-talet, ein mektig slottsruin og eit knippe klosterruinar er blant alt det du kan oppleva.

Dei minste besøkjande – kulturminnevernarane i framtida – har me heller ikkje gløymt: Aktivitetsheftet om Fortimus, flaggermusa med supervernkrefter, er eit tilbod til dei yngste.

SOMMARSESONGEN 2024

Sjekk opningstider, prisar, omvisning for grupper og andre opplevingar i området rundt i lenkja til kvar besøkseigedom.

BORGUND STAVKYRKJE, Lærdal, Vestland: 15. april til 13. oktober

LOGTUN KIRKE, Frosta, Trøndelag: 1. mai til 15. september

URNES STAVKYRKJE, Luster, Vestland: 2. mai – 30. september. Stengt 17. mai

HOPPERSTAD STAVKYRKJE, Vik, Vestland: 18. mai til 18. september

TORPO STAVKIRKE, Ål, Buskerid: 1. juni til 31. august

KYRKJESTUGGU I TORPO, Ål, Buskerud: 1. juni til 31. august

UVDAL STAVKIRKE, Nore og Uvdal, Buskerud: 1. juni til 31. august

KVERNES STAVKIRKE, Averøy, Møre og Romsdal: 10. juni til 3. september. Også ope helga 1. og 2. juni

HUSTAD KIRKE, Inderøy, Trøndelag: Ope alle søn. kl. 13-16 i perioden uke 24-33

SAKSHAUG GAMLE KIRKE, Inderøy, Trøndelag: Ope alle søn. kl 13-16 i uke 24-33 og tir.-fre. kl 11-14 i uke 28-31

NORE STAVKIRKE, Nore og Uvdal, Buskerud: 15. juni til 18. august

KAUPANGER STAVKYRKJE, Sogndal, Vestland: Stengt i 2024 grunnet byggearbeider rundt stavkirken

ROSEKYRKJA, Stordal, Møre og Romsdal: 17. juni til 20. august

HOVE STEINKYRKJE, Vik, Vestland: 21. juni til 15. august (Før-sesong: Ope laur.-søn. 1. juni til 16. juni)

MOSTER GAMLE KYRKJE, Bømlo, Vestland: 22. juni til 15. august (man. stengt)

RØDVEN STAVKIRKE, Rauma, Møre og Romsdal: 24. juni til 20. august

STEINVIKHOLM SLOTT, Stjørdal, Trøndelag: 1. juli til 15. august.

HESTAD KAPELL, Gaular, Vestland: 1. juli til 31. juli

STRANGES STIFTELSE, Bergen, Vestland: mandager, laurdager og søndager i juli.

HOLDHUS GAMLE KYRKJE, Bjørnafjorden, Vestland: Laur.-søn. i juli. Ellers åpen etter avtale.

GAUPNE GAMLE KYRKJE, Luster, Vestland: Ope for grupper etter avtale

FINNESLOFTET, Voss, Vestland: Juni til august. Omvisning for grupper må bestilles

LILLINGSTONHEIMEN, Fjaler, Vestland: Ope ved arrangement. Grupper kan bestille omvisning

 

OPE FOR PUBLIKUM HEILE ÅRET

Fleire av våre eiedommarer er allment tilgjengelege og kan besøkjast til alle tidene i år.

TAUTRA KLOSTERRUIN, Frosta, Trøndelag 

MUNKEBY KLOSTERRUIN, Levanger, Trøndelag

OLAVSSTØTTEN PÅ STIKLESTAD, Verdal, Trøndelag

REINS KLOSTER, Indre Fosen, Trøndelag: Omvisning med guide i ukene 25 til 33

VØIENVOLDEN GÅRD, Oslo: Gårdsanlegg med hage på Sagene allment tilgjengeleg

ABBORHØGDA, Kongsvinger, Innlandet: Skogfinnetorp med eit freda tun og kulturlandskap langs Skogfinneleden. Fint turmål. Ope ved arrangement. overnatting i hovudhuset kan bestillast gjennom Turistforeningen

Som medlem i Fortidsminneforeininga kjem du inn gratis.

BLI MEDLEM.