Willem Pranger (t.v.) fra Norsk kystkulturakademi as og Ove Losnegård snikkar og båtbyggjar i sjåa på Strand

Årleg dugnad for å redde eit kulturminne

Publisert 01.09.2020

Dette er "Skippertaket"

Sist helg gjekk fire lokale verksemder saman om ein dugnad dei kallar Skippertaket for å redde eit av dei eldste sjøhusa i Solund i Ytre Sogn.

I 2018 hadde Jensbua Kystkultursenter styremøte , og praten gjekk om kva tiltak ein kunne gjere for å skape meir blest kring bygningsvern, kulturminner og tradisjonshandverk. Rundt bordet sat eldsjel og initiativtakar til Jensbua Kystkultursenter  Ove Losnegård , som også driv sitt eige snikkarfirma; Ove Losnegård snikkar og båtbyggjar, Erlend Gjeldsvik som driv Nedre Jølster Bilelag, og Trude Søilen, som til dagleg jobbar i Norsk Kystkulturakademi as. Trude er og styreleiar i Sognefjorden Kystpark , og ho etterlyste prosjekt eller arrangement som Kystparken kunne bidra til og samarbeide om. Denne kvelden fekk Erlend  ein spennande idé. - Kva om dei fire verksemdene  ein gong i året gjekk saman med arbeidsfolka og kompetansen sin, og gjorde eit skippertak på dugnad  for å redde eit kulturminne!? Det er mange flotte bygningar, båtar og  anlegg rundt om kring i området som sårt treng litt vøling og ei kyndig hand, og særleg har kulturminne knytt til kystkultur lenge vore stemoderleg behandla. 

Til saman har verksemdene stor kompetanse på eldre bygningar og båtar. Nedre Jølster Bilelag har mellom anna restaurert fleire av stavkyrkjene i landet , og held kurs og underviser både på fagskular og høgskular.

Ove Losnegård er utdanna båtbyggjar og har registrert ,restaurert og rekonstruert mange særeigne bygningar og båtar. Han har vore med i Fortidsminneforeininga i mange år. Ove har over fleire år samarbeida med Norsk Kystkulturakademi som er relativt nye i faget. Dei har som formål å formidle både ny og gamal kystkultur og har dei siste åra satsa meir på snekkerverksemd og bygningsvern. Primus motor her er Willem Pranger som er møbelsnekker av yrke. Kystkulturakademiet har i ein årrekkje samarbeidet med Bergen arkitekthøgskule  om undervisning for arkitektstudentar som skal lære om dei eldste bygningskonstruksjonane vi har ; grindbygg. 

Dei andre tende på ideen om Skippertaket og verksemdene  inngjekk ein partnarskapsavtale med Sognefjorden Kystpark der formålet er å dele og byggje kunnskap, erfaring og kompetanse  på bygningsvernområdet og setje fokus på kulturminner, - særleg dei som er knytt til kystkulturen. 

Skippertaket er såleis ein måte  å  sette bygningsvern på dagsorden og profilere tradisjonshandverk som ei spanande yrkesveg for unge handtverkare med interesse for byggeskikk og historie.

 Dette året er det eit gamalt grindbygg innerst i Strandavågen i Solund som skulle settast i stand. I fylgje lokale kjelder skal dette vere eit av dei eldste sjøhusa i Solund. Alle taksperrene skulle skiftast og stavar og betar skal laskast i, ein metode der ein  lappar skada bygningsdelar med nytt treverk. Dugnadslaget starta arbeidet på fredag kveld , og var ferdige på sundag. 

Norsk Kystkulturakademi as

Trude Søilen