Nasjonalt formidlingsstipend til Bianca Wessel for arbeidet med Lys i Gamle Hus

Publisert 08.05.2024

Kulturminnefondets formidlingsstipend for 2024 vert tildelt Bianca Wessel. Gjennom prosjektet “Lys i gamle hus” formidlar ho verdien av å ta vare på og aktivt bruke gamle hus.  

Det var under eit foredrag Bianca Wessel holdt i Kulturminnefondet sine lokalar på Røros at styreleiar Hanne Jakhelln overrakk stipendet på 50 000 kroner.  

– Gjennom prosjektet «Lys i gamle hus» vert det umoglege mogleg, begrunner Jakhelln. 

Inspirerer og engasjerer 

Årets stipend vert lyst ut med 1. mars som frist for å nominere kandidatar. Det kom inn 96 nominasjonar frå heile landet. Det er nesten dobbelt så mange nominasjonar som i fjor.  

Den som mottek stipendet må kunne begeistre ulike målgrupper og vise korleis det er mulig å redde kulturarv, sjølv om mykje kan sjå håplaust ut. Stipendet skal brukas til reise og foredragsverksemd, kvar det formidlas om praktisk kulturminnevern og eigne erfaringar.   

– Eg tykkjer Bianca har synt oss korleis dette kan gjerast her i dag. I tillegg engasjerer ho og inspirerer andre utan å skape konfliktar. Det har vore spesielt viktig for styret å få fram at positive krefter har stor gjennomslagskraft, seier Jahkelln. – Bianca viser oss at arbeidet med prosjektet nyttar, og er med på å skape verdier, meiner styret i Kulturminnefondet.  

– Dette var ei gledeleg overrasking, seier Bianca.  –Stipendet gjev klart ein motivasjon til å fortsette å begeistre og inspirere andre.

Bianca har erfaring fra kommunikasjon og prosjektledelse, og har sidan 2021 vore prosjektleder for pilotprosjektet. Ho er engasjert som frivillig i Fortidsminneforeininga, og er styremedlem i Trysil og Engerdal lokallag. Ho er også styreleiar for Hedmarks fylkesavdeling.  

Fortidsminneforeininga gratulerer vår gode og dyktige kollega med stipendet og anerkjennelsen. 

Meir om Lys i Gamle Hus-prosjektet kan du lese om her.