Håkon Li heidra for innsatsen for Borgund stavkyrkje

Publisert 28.02.2020

Som tilsynshavar for Borgund stavkyrkje i ein årrekkje har ikkje Håkon Li berre teke vare på ein av landets mest verdfulle bygningar. Han har óg formidla kunnskap om denne unike bygningsarven til unge og gamle - og gleda oss med fantastiske bilete. Gratulerer med velfortjent heidersnål!

Håkon Li, kyrkjetenar i Lærdal og tilsynshavar ved Borgund stavkyrkje, vart i dag takka av etter nær 40 års teneste for Kyrkja i Lærdal og Fortidsminneforeningen under ei markering i den nye Kyrkjestova ved Hauge kyrkje på Lærdalsøyri

Hovudstyremedlem Trude Knutzen Knagenhjelm overrekte Fortidsminneforeningen sin heidersnål til Håkon for sin innsats ved Borgund stavkyrkje gjennom meir enn 30 år. Dagleg leiar ved stavkyrkja, Tanna Gjeraker heldt òg tale frå dei tilsette, og streka under at det vil bli eit stort tomrom på jobben etter Håkon!

Også Riksantikvaren og COWI hilste til pensjonisten og takka for eit godt og verdfullt arbeid. Med ei skriftleg helsing frå riksantikvar Hanna Geiran fekk Håkon ei Schirmer-teikning av stavkyrkja på 1800-talet. Dette biletet hadde ikkje Håkon frå før, så det vart han òg veldig glad for.

Frå Lærdal sokneråd og kyrkjeverja i Lærdal vart det overrekt blomar og gullklokke for lang og tru teneste.

SAKNAR JOBBEN ETTER TRE VEKER

Håkon Li har berre vore ute av jobben i tre veker – og tre dagar – men han måtte innrømme at han allereie sakna kollegaene og arbeidet ved kyrkjene på Borgund. At Håkon sin innsats har betydd mykje, det kom klart fram i talane.

Håkon takka for merksemda, og kunne fortelje oss at han no ville bruke endå meir av tida på fotografering, ein veldig kjær hobby gjennom heile livet. Me kan difor framleis gje oss til å sjå Håkon sine vakre bilete av stavkyrkja og naturen i kring på sosiale media og nettsider.

 

HEILE GRUNNGJEVINGA FOR TILDELINGA: 

Me gjer i fellesskap framlegg om at Håkon Li vert tildelt Fortidsminneforeningens heidersnål. Håkon har vore i foreninga si teneste i totalt 16 år. Frå 2003 til 2005 for Sogn og Fjordane sin avdeling som tilsynshavar ved Borgund stavkyrkje. Deretter frå 2005 for Fortidsminneforeningens hovudadministrasjon som tilsynshavar ved Borgund stavkyrkje og vaktmeister ved besøkssenteret.  

Som ekte borgind er Håkon særs oppteken av å ivareta stavkyrkja. Kunnskapen hans deler han gjerne med andre, og dermed blir interessa for kyrkja delt vidare til yngre generasjonar. Håkon fylgjer alt arbeid på kyrkja tett opp, og han er godt likt blant handverkarar som utfører arbeidet. Han har tydelege meiningar, og er ein tryggheit for dei som er rundt han. Dei siste åra har Håkon og tatt ansvar for tjæringa og dermed spart foreninga for store utgifter.

Håkon er ein kunnskapsrik handverker som har tatt ansvar for det faglege innhald til håndverksdagane på Borgund. Dei første åra berre for skuleklasser, men i jubileumsåret òg for bygdefolk og tilreisande.    

Borgund stavkirke, Lærdal i Sogn, Vestland. Fjell og dal.

Håkon er ein utmerka fotograf og bilda hans er blant dei beste stavkyrkjebilda i verda. Fortidsminneforeninga har alltid fått lov til å bruka bilda for å fremja stavkyrkjene på websider og på sosiale media, noko de har hatt stor fordel av. 

Som vaktmeister ved besøkssenteret tar Håkon alltid utgangspunkt i at det er betre å reparere ting enn å kjøpe nytt. Dermed jobba han bærekraftig lenge før dette vart tidsriktig! 

Håkon er ein pliktoppfyllande og kunnskapsrik person å samarbeide med, og på grunnlag av dette meinar me at han bør få tildelt Fortidsminneforeninga si heidersnål. 

Tanna Gjeraker

dagleg leiar Borgund stavkyrkje

Jon E Tamnes

dagleg leiar Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane