Hussamlaren: Hos Odd Arne får gamle hus ei framtid

Publisert 21.12.2023

Eit aktiv medlem med god plass

– Eg har ein slik blanda kjensle av å ta ned hus og fløtte dei hit, men det er hus som eg ser det går gale med og som ikkje har noko framtid der dei står, seier Odd Arne Rudi. I 25 år har han samla på gamle hus. No har han 18 bygningar på tunet heime i Svinlibrøta i Volbu i Øystre Slidre – og meir enn nok å halda på med også dei neste 25 åra!

Tekst og foto: Ivar Moe

For Odd Arne Rudi er tradisjonane og byggeskikkane viktige. Dei tek han vare på i Svinlibrøta i Volbu i Øystre Slidre. Her har han eit tun med 18 hus. Dette er hus han har samla gjennom ei årrekkje. Nokre har han fått, men langt dei fleste er kjøpte inn.

Han har i periodar hatt mange hus liggande lagra under presenningar, noko som ikkje er så bra. Difor har tanken vore å få dei opp og stå, og få tette tak på dei, så får ei vidare istandsetjing koma etter kvart.

Det viktigaste har vore å redda dei så kjem det vel pengar i framtida til å vøle resten. Han er taktekkar, men gjer det aller meste på dei gamle husa. Med meir enn 30 år i Fortidsminneforeininga veit han kor han høyrer heime.

Arbeidstittel: Campingtun

- Det er nesten 20 år sidan eg begynte. Eg og ho som eg var gift med hadde tenkt å starte opp ei turistnæring. Arbeidstittelen var «campingtun». Vi hadde kjøpt mange gamle hus som vi hadde teke ned. Vi hadde tenkt å innreie dei for utleige,  og gjere plass til bubilar. Ho er frå ein gard rett på den andre sida her, og denne tomta høyrde til garden. Det var ein stor og omstendeleg prosess å få godkjend alt dette, før vi kunne gå i gang med å byggja. Vi måtte ha ein privat reguleringsplan. Ho er odelsjente,  og vi overtok garden ho kjem frå omtrent då vi fikk lov til å byggja her. Det var i 2000. Då vart det for mykje for oss både og ta over garden og starte opp her. Difor vart prosjektet lagt på is, fortel Odd Arne. Han er ein av dei mange i Fortidsminneforeininga det er naturleg å være på fornamn med. Han jobbar til dagleg på Valdres Folkemuseum i Fagernes.

Det gjekk nokre år, og så vart dei skilt. Då hadde dei samla mange gamle hus, men no fann dei det naturlig at ho tok over garden som ho er i frå. Tomta vart delt frå garden.  Odd Arne overtok  tomta  på 20 mål og husa som han hadde jobba med.

Litt kummerleg

- Då hadde eg begynt å sette opp eit lite hus, som det gjekk an å bo i for meg. Ikkje var det straum og ikkje innlagt vann. Det var kummerleg. Men eg tenkte at eg ikke var typen til å bu i ei kjellarleilegheit i eit  boligfelt. Heller ville eg bu litt kummerleg. Slik så vart det å bu i eit rom på 12,25 kvadratmeter, ikkje stasrum, men med skøyteleidning fra naboen, ikkje ei gong ein utedo. Det var litt stussleg, seier han.

Slik levde han den fyrste sumaren og litt utover vinteren. Gradvis fekk han på plass fasilitetar. Han bygde på til eit kjøkken og bad og eit soverom i andre etasjen. Han jobba den gongen som sjølvstendig handverkar, taktekkar stort sett, og gjorde også nokre tømrarjobbar. 

- Eg har jo bygd ein del nye hus, og så har eg dreve med restaurering, seier han audmjuk.

Odd Arne har vore medlem i Fortidsminneforeininga i meir enn 30 år. Han er berar av foreiningas hedersnål. Han bryr seg om det nære. Alle husa er stort sett frå nærmiljøet, frå Øystre Slidre, men sjølve våningshuset han bur i no, er frå Vestre Slidre. Det er ikkje so langt unna.

- Eg har ein slik blanda kjensle av å ta ned hus og fløtte dei hit, men det er hus som eg ser det går gale med og som ikkje har noko framtid der dei står eg får tak i. Likevel, det har vore tradisjon å flytte hus. Det har dei gjort til alle tider. Det er nesten ingen hus i området  her som det ikkje har vore flytta på. Slik sett har fylgjer eg også tradisjonen og har redda ein 17-18 hus. Det har teke mange arbeidstimar. Men dette er ein hobby. Så det er vegen fram som er målet, det er ikke målet å bli ferdig.

Arbeidskrevjande hobby

Det er ein plasskrevjande hobby Odd Arne har, men med 20 mål er ikkje tomta fylt opp enno. Det er og arbeidskrevjande. Sjølv om han gjer mykje sjølv, så kostar det ein god del. Han kan ikkje utan vidare leie inn folk til ein jobb. Det er ikkje noko han skjuler.

- Det verste er at eg ikkje får noko økonomi i dette. Eg leier ut eit lite hus, det eg budde i starten, men det vert ikkje noe særleg. Men det er vel ikkje nødvendigvis meninga at eg skal tene pengar på hobbyen og heimen min.

Når eg flytter eit hus, kan eg heller ikkje søke om støtte og medel, hjå Kulturminnefondet for eksempel. Dei gjev ikkje støtte til istandsetjing av hus som vert flytta, om det ikkje er særlege grunnar til det. Så eg dett litt mellom alle stolar.

Då han starta opp samlinga for 25 år sedan, fekk han 5000 kroner hjå kommuna. Han kom ikkje så langt med det. Men Odd Arne er van med å klare seg med lite. Han kjem frå eit småbruk i nærleiken.

- Så eg har ikkje fløtt så langt på meg. Men eg har jo reist to rundar rundt joli som backpacker, seier han og held fram med tankane. Som alle andre som er interessert i gamle hus har han og andre interesser. For Odd Arne er det Frank Zappa og Donald Duck. I stua står det ein imponerande samling med lp-plater.

- Eg har nok vore interessert i gamle hus og ting heile tida. Då eg var liten innreidde eg eit lite rom i kjellaren i huset til mor og far min. Hengte opp ting på veggane. Det blei som eit  lite museum. Det har med å bruke oppatt ting. Sirkulærøkonom som det kallast i dag. Det huset  sit i no , står det slik som før? Ja..nei..ikkje heilt, undrar han.

Lokal stein og leire

Så tek han til med forteljinga om kva han har gjort med huset. Han sit framfor ein vedfyrt omn. Den er montert inne en digert eldstad av lokal stein og leire. Han hadde kurs på denne eldstaden.

- Vi sit i kårdelen. Det var kårfolket som budde her. Det som eg har til stoge no var kjøkken og opphaldsrom for familien. Andre etasjen var ikkje ferdig den gongen. Liten plass. Mor og far og fem unga budde der. Våningshuset er ein midtkammerbygning som kjem frå det som var ein stor gard. Eg har bygd på ein gang for å få bad og betre tilkomst til andre etasje.

- Korleis finn du husa?

- Eg reiser gjerne og spør. Men etter kvart som eg har begynt å samle, og folk ser at eg gjer det på ein okey måte, så har eg fått førespurnader om eg vil ha hus, forklarer han og peiker ut gjennom glaset.

- Det siste raude der som står på å pallar, det fekk eg redda rundt jul. E16 byggjast ut gjennom nabodalføre. Huset skulle fjernast. Denne gongen fekk eg 20 000 frå Innlandet fylkeskommune , og 10 000 frå Verne-Vøla, som er namnet på lokallaget til Fortidsminneforeininga. Det var flott. Det dekka fløttinga.

Han fortel at dei har ei slags geriljagruppe i Verne-Vøla. Dei går inn og legg ei plate på eit tak for eksempel, eller hogg eit tre om det står for nære hus. Det raude huset eg fekk på plass i vinter var geriljatiltaket i år. Verne-Vøla gjer små og raske, men viktige redningsaksjonar. Verne-Vøla er eit aktivt lokallag med godt over 100 medlemmar.

Det primære for Odd Arne er ikkje å få til ei inntekt. Men sidan han allikavel har hus, har han planar om  på å få til fleira av dei slik at han kan leige dei ut, for eksempel på Airnbn. Det er ein måte å finansiere pensjonisttilvære. Han er 62.

Enkel lokal byggeskikk

Det er ein lokal  byggeskikk Øystre Slidre, men den er ikkje unik. Den er enkel. Dimensjonane er små og ikkje slik som i Gudbrandsdalen og Telemark med mykje utskjeringar.

- Vi held på den nøkterne stilen. Grunntanken er at når eg er ferdig så skal det sjå ut om husa har stande her heile tida. Det skal ikkje være nye element, i vertfall ikkje som ein ser. Eg plasserer husa med bakgrunn i korleis eit tun kunne vera oppbygd. Eg prøver å få inn typar hus som var vanleg på eit gardstun i gamle dagar. Ein skal ikkje ha mange stabbur og mange smider. Her er alt frå små løer til eldhus og den store rett i sør er ei bu eller loft. Det kan ha mange namn, fortel han.

Stort sett er det lokal skifer frå Øystre Slidre på dei husa til Odd Arne som har skifer. Nesten alle hus i Valdres hadde skifer på taka. Det blir ikkje laga skifer her lenger.

- I starten hadde vi veldig mykje hus som var stabla opp i haugar, under presenning men det er ein dårleg måte å lagre hus på. Det blir fukt og ein del lagringskader vart det undervegs. Derfor prøvde eg å få opp flest mogleg  av dei, for å få på tak. For å redde dei. Så tenkte eg at eg kan gjere dem ferdig seinare.  Eg har hatt noko hjølp, men ikkje mykje. Derfor står det mange halvferdige hus her. Dei er tilnærma ferdig utvendig, men ikkje inne. Så samlar eg på mykje saker og ting, så det blir mykje inni dei. På eit tidspunkt må eg få eit system.

Odd Arne er oppteke av det som har hatt ein funksjon, det skal man forsette med. Han synes ikkje det er rett å  plante blomster i ein gamal butt eller på ei kjerre. Det er jo fint, tykkjer han, men det er tatt ut av sin samanheng. Det er for pynt.

Ein stor samling etter kvart

-Men eg har ikkje noko dame som bur her. Så viss det hadde  vore det, så hadde det sikkert vore noko meir pynt med blomster og forskjellig. Eg har ei jente borti Flåm, men det er litt for langt og vi bur ikkje saman. Eg prøver å holde det fint på tunet, men viss ein opnar ei dør, så er det fullstendig kaos.  Ikkje bak alle dørene då, men mange. Så er det alltid litt travelt. Og da er det lett å berre setje ting inn. Neste gong eg kjem, så er det litt fullare. Det er gamle ting frå gardar, bruksgjenstandar. Men det er litt kinkig, at når du jobbar på museum så skal du ikkje samle på ting som er antikvariske. ICOM-regelen er at ein skal ikkje samle på ting og gjenstandar som kan vere konkurrerande  med museet. Men eg  prøver å ha ein ryddig dialog med leiinga der eg jobbar.  Så viss det ikkje er gjenstandar som museet absolutt skal ha, det er jo vanlege kjerald og buttar som  alle museum har altfor mange av uansett, så går det gjerne greitt.

Odd Arne veit ikkje kor mange timar han har brukt på hobbyen sin dei 25 åra han har heldt på. Det er ei slags terapi for han å samle på gamle hus.

- Ein må jobbe med noko. Det er då eg trivst best. Eg trivs betre med det enn å gå ein fjelltur. Eg likar ikkje spesielt å gå i fjellet. Alle skal jo være interessert i å gå i fjellet. Det er in å være aktiv i fjellet. Så viss ein ikkje er interessert i det, så er ein på ein måte ein outsider, men det er og greitt, seier han. Jotunheimen er ikkje meir enn ein snau time unna med bil.

Strømopplegget i våningshuset var ikkje ferdig då eg besøkte han i mai. Begge peisane skal pussast. Den eine peisen har han  hatt kurs på med studentar frå høgskula i Sør-Trøndelag. Espen Martinsen og Olav Snortheim var instruktørar. Det vart brukt leire og naturstein slik det var før. No skal den pussast med leiremørtel  og kalkast. 

-Når ein går i det kvar dag så ser ein det ikkje og blir blind for alt som skal gjerast. Så er det artigare å starte noko nytt enn å gjere noko ferdig. Alle husa står på stein rett på bakken, slik som før i tida. Det er jo en risiko å ta, for det er bevegelse i bakken og huset vil sige litt med åra. I dag ville ein bytta ut masse og køyrt på pukk, lagt inn isolasjon, og laga ringmur. Men det har eg ikkje gjort. Det har en økonomisk side og tradisjon å ta vare på. Miljøaspektet om å bruka omatt, og ikkje bruke er  betong er viktig. Betong er ein versting. Eg har brukt opp att spikar og gølvplank. Retta ut spiker. Noko handsmidd og noko klippspiker. Linoljemalinga kjøper eg og  komposisjonsmåling lagar eg sjølv, seier Odd Arne Rudi.

Det har han lært av Knut Øystein Bakken, og tørrmuring har han lært av Knut Andreassen. Men sjølv er han og ein god lærar, når har arrangerer kurs i regi av Valdresmusea.