Redda og tilbakeført: Velkomen inn i staselege Rønneberghuset

Publisert 24.07.2023

Villaen på handelsstaden Larsnes

I 2016 starta ei ny epoke for Rønneberghuset, ein kjend bygning og kulturminne på den historiske handelsstaden på Larsnes i Møre og Romsdal. Etter at huset hadde vore ute for salg  i fire år, vart det da kjøpt av Inger-Anne Almestad og Thorstein Jenssen, både to opptatt av bygningsvern.  Her fortel ho deira eige historie og korleis plassen vart bygd opp av ein fattiggut frå Jæren med eit utruleg liv.

Tekst: Inger-Anne Almestad. Reportasjen ble først publisert i Fortidsvern nr. 2-2023.

Vi har eit stort hjarte for vern og historie, og denne staden har ei rik historie og trong absolutt vern. Kva vi la oss ut på var vi nok ikkje klar over, det ser vi i dag, men slik er det gjerne og kanskje like godt var det. Vi har lært utruleg mykje og brenn nok enno meir for vern av gamle hus og bygningar i dag. Vi budde i Oslo, noko vi framleis gjer, og har reist vestover eit uttal gonger, saman med borna, for å jobbe med og opphalde oss i huset.

I dagens samfunn har vi så mykje å lære av byggeskikk, materialar og kvaliteten som vart nytta for så lenge sidan. Fortidsvern er ein så viktig dimensjon som vi håper med vårt og andres arbeid kan stimulere også andre til å bevare. Ikkje berre privatpersonar men også til dømes kommunar som sit og avgjer skjebnar til mange historiske bygningar. Her tenkjer eg det handlar mykje om både kunnskap, respekt, interesse og opplysning.

Men at det har vore eit eventyr av ulike dimensjoner er det ikkje tvil om. Bygningsmassen på hovedhuset er 400 kvm fordelt på to etasjar, i tillegg er det ein kjellar under ein tredel av huset. Så er det eit eldhus og eit stabbur på til saman rundt 150 kvm. Hønsehuset/grisefjøset står så vidt enno.

Vi fekk utarbeida ein tilstandsrapport då vi kjøpte huset. Det har vore ein fin guide på vegen, men ein må alltid rekne med at noko ekstra dukkar opp.

Tilbake til kjeldene for attskaping

Eit stort og vakkert maleri av husa og eigedomen har vi fått kjøpt attende. Dette har vore til inspirasjon for oss i gjenskaping av husets fasade og fargar. Vi har søkt i bildearkiver, spurt og gravd for å få mest mogleg informasjon om både interiør og eksteriør. Snakka med alt av bygningsvernere og spesialistar på både maling og tapeter, reist i både inn- og utland for å finne tapeter eller for å gjenskape dei.

Eg er sjølv utdanna interiørdesigner og fargerådgiver, noko som har kome godt med i arbeidet og ulike interiørfaglege val som er blitt gjort.

Vi starta opp med å avdekke historien lag for lag på vegger, tak og golv. Vi var veldig spente på kva vi kunne finne og vart ikkje skuffa. I bestestova fant vi opp til syv lag tapet, den eldste var trykt på ubleika tjukt papir med blå medaljongar, truleg frå Frankrike. Der var rokokkomønster, jugendtapeter, Art Deco, 30-40 talet med blomemønster og etterkvart funkisstil fra 50 og 60 talet. Fargane har vore mange, men blåfargen var mest framtredande både i tapeter og maling.

Huset gjennomgikk ei modernisering på 1950- og 1960-talet. Den største omgjeringa var taket som vart lagt om frå stor ruteskifer til raud og grønruta eternit. Nesten alle vindu i 1.etg vart bytta til husmorvindauge. Fint og moderne slik det var den tida, vart det.

Vidare vart alle tak og vegger plata inn og golva vart dekt med både plater og belegg. Ein del tak var senka, noko som var heilt vanleg på den tida, og det vart laga nytt moderne kjøken samt baderom. Denne innplatinga har berga verdifull informasjon samt beskytta himling og listverk. Dei fleste dørene og dørdekor var heldigvis tekne vare på.

Gjennomgripande skader

På hovedhuset var det i 2016 store og gjennomgripande skader både i bæring, golv og veggar.  Yttertaket fekk tilbakeført firkantskifer, all dekor måtte kopierast og produserast, vindu i 1.etg vart produsert nye etter kopi av eit gamalt vi fant. Dei gamle vindauga vart vøla, pussa, kitta om og malt igjen. Vi fekk isolert ein del veggar med Hunton, ytterkledninga måtte delvis på to veggar skiftast ut med kopi av den gamle høvla malmfurua. Ellers fikk ytterveggar fjerna plastmaling og maling av fasaden vart utført. Inne vart golv sirleg tilbakeført saman med himling og dører, fargar vart tilbakeført, ja lista er lang over det vi har utført både inne og ute.

Med oss på laget har vi hatt gode handverkarar, Terje Skoge må nevnast især då han har hatt oversikt over alt arbeidet og har stått for store delar av det som har blitt utført. Støttespelarar i familie og bygdefolk har også hatt mykje å seie.

Når det gjeld økonomisk bistand er dette ein faktor som kan bety liv eller død i eit slikt prosjekt. Vi har fått støtte til restaurering av vindu og ornamenter frå Møre og Romsdal fylkeskommune og frå Stiftelsen UNI. Kulturminnnefondet gav støtte til taket. Dette har betydd mykje for resultatet som vi ser i dag.

Noko som også var stor stas, var å få tildelt Godt Vern. Slikt er til stor oppmuntring. (Godt Vern-prisen fra Fortidsminneforeninga Sunnmøre lokallag, i samarbeid med Sunnmørsposten, red.anm.). 

Driver med selskapsverksemd i huset

For tre år sidan starta vi også med restaurering av stabbur og eldhus, også her har vi fått støtte frå Kulturminnefondet. No er tak, vindu, ornamenter og klokketårn, restaurert, vøla og noko produsert nytt. Her har «Bak dei blå dørene» stått for arbeidet og snekkargleda har fått utfalde seg i det nye klokketårnet som kimer så fint med den gamle historiske klokka inni.

Når det gjeld bruken av staden så har vi frå 2019 drive med selskapsverksemd i huset når vi har hatt høve til det. Dette har vore stor stas å kunne tilby. Då er det med historieforteljing om folk og hus, samt staseleg oppdekking og mat laga med fransk vri. Vi har valt å spele på den koplinga handelsstaden hadde med Frankrike å gjere. Interiøret har vi forsøkt gjenskape med gamle møbler i stilen, gardiner, lysekroner og ellers alt vi har kjøpt attende som tidlegare har vore i huset.

Vi gjer så godt vi kan med å halde i hevd både hus og eigedom, prosjektet vi no er i gang med er gjenreising av verandaen som var over 2 etasjar. Også her med støtte frå Kulturminnefondet. Noko vi gleder oss stort til er å atter få heise flagget over husmønet. Då vert det som å sjå huset i det gamle maleriet.

Ein gamal hageplan som er funne er noko som også hadde vore stas å fått utført, for ikkje å snakke om gjenreising av badehuset nede ved sjøen.

Finn ut meir på nettstaden Rønneberghuset og Facebook og Instagram

Kristoffer Rønneberg: Fattigkaren som vart Sunnmøres rikaste mann

Ein dag i 1753 utvandra fattigkaren Kristoffer Rønneberg frå Jæren til Sunnmøre. Han  døde i 1824 som Sunnmøres rikaste mann. Han hadde eit forretningstalent utan like, gifta seg til pengar, kjøpte opp eigedomar og lot etterkvart dei tre sønene Elias, Carl Esias og Rasmus ta over kvar sin eigedom. Elias tok over på Valderøy, Carl Esias i Ålesund og Rasmus på Larsnes.

Tekst: Inger-Anne Almestad

Kristoffer Rønneberg kjøpte Larsneset på tvangssal i 1803, og sonen Rasmus var den som skulle få ta over og drive denne handelsstaden. Rasmus hadde inngått ekteskap med dattera til den velståande Johan Wiig på Moltu. Etter 19 år døydde både Rasmus og kona Gjertrud Wiig med to månaders mellomrom.

I 1822 tok då den eldste sonen Christoffer Mathias på 18 år over handelsstaden. Han dreiv staden godt og etterkvart saman med kona Dorthea Heiberg. Han kjøper også handelsstaden Skotholmen og vart etterkvart også ordførar for Herøy, Sande og Rovde sokn.

Storbrannen i 1878

I 1863 tok så sonen Rasmus Gerhard  over handelsstaden, saman med kona Karoline som kom frå Flåvær. Det var også han som var eigar då ein storbrann ei oktobernatt i 1878 tok hovedhuset, borgarstova, sjøbuda, stabburet og vedhuset på handelsstaden. Berre bakeriet, ei sjøbud  og eit par naust stod attende. Handelsstaden var fram til denne hendinga samla nede på kaia, der det i dag er parkeringsplassar og biloppstilling til ferga.

Gjenoppbygginga vart ikkje lett då hovedhuset berre var delvis forsikra. Rasmus vart nøydd til å be bror sin i Ålesund om hjelp til å gjenoppbygge handelsstaden på Larsnes.

Carl E. Rønneberg & sønner i Ålesund finansierte då gjenoppbygginga mot at dei fekk overta handelen på Larsnes. Dei bidrog også med lån til å oppføre hovedhuset der «firmaets stedlige representant» skulle få bu, altså Rasmus Gerhard og kona Karoline med sine to søner Karl Gerhard (11) og Christoffer (5).

Allereie året etter, i 1879 vert dei nye husa oppført, lenger opp frå kaia og oppunder fjellhamaren, innerst i bukta. Hovedhuset var eit spektakulært syn, ein stor og staseleg familievilla i sveitserstil reist av dyktige  bygningsfolk frå Nordfjord.

Borgarleg byvilla

Forskar og arkeolog Øystein Ekroll skriv dette om eigedomen:

«Hovedbygninga har form som ein stor borgarleg villa av den same typen som også kan finnast i utkantane av dei store byane som Bergen og Oslo, på same tid. Det er ukjent kven som var arkitekten, eller om huset er bygd  etter ei typeteikning. Bygningstilen kan karakteriserast som «sveitsarstil», med veranda, stort takutstikk og rike ornament i gavlkantane. Huset er bygd av høvla tømmer, ein svært tett og solid konstruksjon, og står på ein høg kjellaretasje av upussa naturstein. I tillegg til hovudbygningen er det eit stabbur og eit eldhus (…) litt lenger mot vest stod der ein stor låve som no er borte, og eit grisehus/hønsehus som står. Ved Skitnevika lenger mot vest var det også eit badehus, der murane er bevarte»

Det må også nevnast at Rasmus Gerhard fekk anlagt ein stor familiegravstad på eigedomen. Denne er her framleis i dag. Den ligg aust for huset på ei høgd med utsyn mot havet i vest. Kong Haakon gav med Kongeleg resolusjon løyve til å vigsle denne gravstaden. Den siste som her vart gravlagt, i 2011, var Else Kirkebø Halle, den siste Rønneberg som budde i huset.

Rundt 1900 bur Rasmus og kona saman med sonen Carl Gerhard og Wilhelmine Wiig, hans danske kone, i huset. Det er sagt at rundt 28 personar budde der, 17 av dei var tenarar som stelte med hus og heim, budeier og gardsdrengar samt ulike betjentar i høve drifta av handelen, post og dampskipsekspedisjonen.

Etter farens død tek sonen Carl Gerhard over handelen, men familieformuen er betrakteleg redusert og han må gi seg etter få år og selge eigedomen.

Import av Cognac og Champagne

Det som vidare skjer er at hans bror, sjøkapteinen Kristoffer Dorius kjøper attende eigedomen etter nokre år og flytter dit saman med si andre kone, Inga Cecilie Rørstad. I tillegg til sjøkaptein vart han både postopnar og dampskipsekspeditør på Larsnes. Det var også han som starta med import av den finaste Cognac i store eikefat, Champagne og andre edle dråper. Han var ven med diktaren Anders Hovden, og mang ei historie om utflukter og båtturar dei hadde, lever framleis. Etter hans død i 1937 er det enka Inga som tek over eigedomen. Ho lever og bur der fram til 1950.

I 1951 er det at Else, barnebarnet til sjøkapteinen, tek over Rønneberg-eigedomen. Ho gifta seg og fikk 4 barn, med henne var det den siste Rønneberg som budde i huset før det gjekk ut av familien. Det var ho som senka takhøgda og satt inn husmorvindauge for meir enn 60 år sida.

***

For å skrive denne artikkelen har eg nytta «Proprietærene» - Rønnebergs Saga av Ole M. Ellefsen samt eit stykke i Vestlandsnytt av Josefine Spiro, Soga om Sande og Rovde av Bjarne Rabben og kva som oss ellers er blitt  fortalt.