Kva skal byggast her? Sjå alle arkitektforslaga til nytt besøkssenter for verdsarven Urnes stavkyrkje

Publisert 21.01.2022

Vinnaren blir offentleggjord i mars

Vinnaren blir offentleggjord i mars 2022, men allereie no kan publikum studera alle konkurransebidraga nærare.

124 bidrag vart sent inn til plan- og designkonkurransen for nytt besøkssenter for verdsarven Urnes stavkyrkje. Juryarbeidet er i gang, og vinnaren blir offentleggjord i mars 2022. Men allereie no kan publikum studera alle konkurransebidraga nærare. Arkitektur engasjerer, ikkje minst når noko nytt skal byggast i eit så unikt og sårbar kulturmiljø som den vesle bygda Ornes ved Lustrafjorden i Sogn.

Sjå alle bidraga her

Det nye besøkssenteret for verdsarven Urnes stavkyrkje skal etter planen opna i 2024, føresett at det no blir løyvd betydelege middel over statsbudsjettet. Til no har verken førre eller noverande regjeringar prioritert dette, trass ein klar bestilling frå Stortinget allereie i 2019. Heller ikkje arkitektkonkurransen fekk dei nødvendige midla i 2020/21, men private og kommunale middel på til saman 1,7 millionar kroner gjorde det likevel mogleg å gjennomføra konkurransen – ein milepæl i arbeidet med å realisera prosjektet. Staten har som mål å etablera verdsarsentre ved alle landets verdesarvsteder.

– Eg synest det er fantastisk morosamt at det har komme inn så mange forslag. Det er tydeleg at dette er eit oppdrag som inspirerer og utfordrar arkitektar, ikkje berre nasjonalt men også internasjonalt, sa Margrethe C. Stang, styreleiar i Fortidsminneforeininga og juryleiar da ho og resten av juryen begynte arbeidet med å gå igjennom alle dei 124 forslaga.

– Juryarbeidet blir utfordrande og morosamt. Eg gleder meg til å sjå på kvart einaste forslag, og på korleis arkitektane tenker rundt både landskapet og funksjonane verdsarvsenteret skal ha. Eg er spent på kva Urnes stavkyrkje betyr for arkitektar i 2022? Det har vi no fått 124 svar på, sa Stang.

Og no kan òg allmennheita sjå alle svara!

Medlemane av juryen er:

Juryleiar Margrethe C. Stang, førsteamanuensis ved NTNU, styreleiar i Fortidsminneforeningen, nestleiar i Verdsarvrådet i Luster

Jurymedlem Erik Jondell, arkeolog, tidlegare museumsdirektør 

Jurymedlem Ola H. Fjeldheim, generalsekretær i Fortidsminneforeningen

Jurymedlem Ivar Kvalen, ordførar i Luster kommune

Jurymedlem Kjetil Trædal Thorsen, sivilarkitekt MNAL, oppnemnd av Norske arkitekters landsforbund (NAL) 

Jurymedlem Sondof Rabbe, sivilarkitekt MNAL, oppnemnd av Norske arkitekters landsforbund (NAL) 

Norske arkitekters landsforbund (NAL) ved Gisle Nataas vil fungere som sekretær for juryen.

Vinnaren blir annonsert i mars 2022.