PRESTESTOVA I STORDAL

Prestestova og utedoen som utløyste kommunedeling

Prestestova vart bygd kring 1850 som kontor og hybel for presten som budde på Stranda på andre sida av Storfjorden. Her var sakristi og kvilerom for dåpsbarn og kyrkjegjengarar med lang veg, konfirmantførebuingar og soknerådsmøte. I 1890 ville presten ha ein skikkeleg utedo, og ordføraren, som då var frå Stordal, løyvde kr 25 til denne. Dette vart utløysande faktor for kommunedelinga Stordal/Stranda i 1892.
62,3818179 6,9920547
Stordalsveien 628, Stordal, 6250

Eidsbygda, Møre og Romsdal

I Fortidsminneforeininga si eige sidan 1983

Ein fleirbruksbygning til nytte og strid. Prestestova er oppført i såkalla bygdeempire og har ei enkel hovudform med knapp detaljering, lite takutstikk, enkel og forseggjort vindaugsomramming og kvadratiske skiferheller på taket. Ho var lafta i hovuddelen med panelte vegger, pipe og inngang frå aust til «prestekammerset» og møteromet. Utvendig er ho kledd med liggande, delvis profilert panel, som truleg har vore kvitmåla heile tida og ho har to-fags vindauge med tre ruter i kvart fag. Etter 1892 vart Prestestova også  teken i bruk som kommunestyresal, møterom av ulike slag, folkebibliotek, øvingslokale for hornorkesteret, sløydsal osb. Etter 1907 då Nykyrkja vart bygd, hadde presten mindre bruk for roma, og etter 1950 gjekk Prestestova ut or bruk. Inngangsdøra vart oppslagstavla for all slags informasjon og ho er stadig tettpakka med stift og spiker.

Redda frå rivning. I 1978 ville Vegvesenet flytte huset på grunn av vegutviding. Kommunestyret ville då rive, medan både Fylkeskonservatoren og Riksantikvaren ville frede huset. Etter mykje strid, kom den nyskipa Fortidsminneforeningen på Sunnmøre og fekk overta Prestestova. Ho vart flytta inn på det nyregulerte arealet for eit bygdetun. Der ligg ho stadig, som et sørvisbygg for bygdetunet og Rosekyrkja.

Opplevingar i området. Dei næraste naboane er Stordal gamle kyrkje, Rosekyrkja, og bygdemuseet. Rosekyrkja er òg ein av eigedomane til Fortidsminneforeningen. Fjord kommune har rike moglegheiter for natur- og friluftsaktivitetar og ligg langs ei sentral turistrute der vi òg finn Trollstigen, Geiranger og Ålesund

Kjelder: «En reise gjennom norsk byggekunst» red. Terje Forseth. Fortidsminneforeninge