Opplev Hovemadonnaens heimkomst 20.-22. mai 2022

Publisert 12.04.2022

I tre dagar til endes skal det feirast at Hovemadonnaen i nyskapt form kjem attende til mellomalderkyrkja Hove. Velkomen til «Madonna-helgi» 20.-22. mai - til Maria-fest i vakre Vik i Sogn.

Program og lenke til billettsal for alle arrangementa under Madonnahelgi finn du her

Hovemadonnaen er ein malt eikeskulptur av Maria med barnet frå litt før 1250. Skulpturen stod i Hove kyrkje fram til ca. 1840 og er no ved Universitetsmuseet i Bergen. Den nærare 800 år gamle og særs vakre og verdige mellomalderskulpturen ber no preg av hundreåras alderdom og står med skader, manglande delar og falma fargar.

Moderne teknologi og eldgammalt handverk

Mellom 2017 og 2020 vart ei ny Hovemadonna forma. Kjernen i det nyskapte kyrkjekunstverket er ei nøyaktig gjengjeving av originalen slik han står i dag. Den nye eikeskulpturen er skoren med utgangspunkt i eit 3D-skann av originalen, men skadane på originalen og dei manglande delane er utbetra på denne nye versjonen. Dette er gjort med utgangspunkt i kunnskapsbaserte vurderingar av korleis dei manglande delane på originalen ein gong kan ha vore utforma.

Ved hjelp av forsking, skanning, treskjering og fargesetting er Hovemadonnaen forma på nytt – attskapt.

20. til 22. mai markerer vi at Hovemadonnaen er heime igjen i Hove kyrkje, i Fortidsminneforeininga si eige sidan 2019.