– Me skal vera pådrivar for å få staten til å utløyse midlane til verdsarvsenteret

Publisert 10.08.2023

Det seier fylkesordførar Jon Askeland i Vestland i eit intervju i Sogn Avis. Staden var Urnes stavkyrkje og høvet opninga av treskjerarverkstaden knytt til prosjektet «Treets Meister».

Tekst: Trond Rødsmoen

I prosjektet «Treets Meister» i regi av Fortidsminneforeininga skal tre lag med Noregs beste treskjerarar saman laga ein kopi av Urnesportalen, treskurden som er ein viktig grunn til innskrivinga av stavkyrkja på verdsarvlista i 1979. Den ferdige kopien skal så bli ein del av besøkssopplevinga i det kommande Urnes verdsarvsenter.

Jon Askeland (Sp) er tydeleg på at verdsarvsenteret er ein viktig politisk prioritering for Vestland fylkeskommune. Den har tidlegare bidrege med midlar til gjennomføringa av arkitektkonkurransen der vinnaren vart kåra i mars 2022. No, halvtanna år seinare, ventar verdsarvprosjektet framleis på statleg finansiering for å komma vidare.

Ber regjeringa følgja opp

– Det handlar om å følgja opp det regjeringa sjølv har sagt om at på kvar ein verdsarvstad så skal det vera eit verdsarvsenter, seier Askeland til avisa.

Samstundes har fylkesordføraren forståing for at midlane ikkje kom i fjor.

– Både Noreg og resten av verda kom i ein situasjon som ingen hadde sett for seg, med både krig og økonomiske utfordringar. Eg vil ikkje kjefta på det som ikkje kom i fjor, men heller seia at no må dei levera.

At prosjektet no er meir handfast med eit konkret byggjeprosjekt å visa til trur han også vil spela ei rolle.

– Eg tenkjer at det er i dag me markerer starten på den verkelege kampen for å få realisert senteret, seier han til Sogn Avis.

Avgjerande med lokal og regional støtte

Til stades denne augustdagen var og varaordførar Marianne Bugge i Luster kommune og Trude Knutzen Knagenhjelm, styreleiar i Fortidsminneforeininga. Ho gler seg over støtta frå både Vestland og Luster.

– Behovet for eit besøkssenter knytt til Urnes stavkyrkje er stort, og arbeidet med å få det realisert er det største løftet i foreininga si historie. Regional og lokal støtte er difor heilt avgjerande, seier Knagenhjelm. 

Då miljødirektoratet først godkjende planane om eit verdsarvsenter på Ornes, var ambisjonen at det skulle opnast sommaren 2024. Men manglande løyvingar over statsbudsjettet har naturleg nok forseinka prosessen.  Fortidsminneforeininga fekk likevel gjennomført arkitektkonkurransen, men då med midlar frå fylkeskommunen, Luster kommune og frå ein privat gjevar.

Vinnaren «Urneskilen» vart kåra under eit arrangement midt i Lustrafjorden, ombord i ferga mellom Solvorn og Ornes i mars 2022. Då hadde ein enno eit forsiktig, men svinnande håp om opning i løpet av 2024

Håper på byggjestart i 2024

No, i august 2023, ser ein at det openbert ikkje vil skje. No er det håp hos Fortidsminneforeininga om at det blir byggjestart i 2024.

– Arkitektkonkurransen er over. Me har eit vinnarutkast og me eig ein tomt. Me ventar eine og åleine på Stortinget, seier Peter Hatlebakk frå Fortidsminneforeininga til Sogn Avis.

Varaordførar Marianne Bugge (Sp) har tidlegare vore svært tydeleg i si støtte til verdsarvsenteret, her frå talarstolen under eit kommunestyremøte i Luster i februar i år då det vart vedteke å gje pengar til prosjektet:

«Det er ingen hemmelegheit at eg heiar veldig på dette prosjektet og er utolmodig. No er me så nær, alt er stort sett klart, reguleringsplanar, vinnaren av arkitektkonkurransen er kåra, og no er det finansieringa som må på plass. Kommunen har stått på i lengre tid for å få senteret realisert, det er nytta kontaktar inn mot fylke og stat. Med den foreslegne løyvinga viser me at dette er noko kommunen står samla om å få jobba fram. Fylkeskommunen har signalisert at her må me stå saman, dei skal handsama søknaden frå Fortidsminneforeininga no i vår og det er ting som tydar på at verdsarvsenteret står høgt på prioriteringslista.»

Urnes verdsarvsenter er berekna å kosta 93 millionar kroner. Fortidsminneforeininga har søkt staten om 40 millionar kroner til bygget og 9 millionar til utstillinga i senteret, medan ein har søkt Vestland fylkeskommune om 20 millionar kroner. Luster kommune vedtok i 2023 å stille med 10 millionar kroner i investeringstilskott til bygginga – forutsett at staten stiller med sin del. Dei resterande 14 millionane skal etter planen dekkjast av private.

Mer om planane for Urnes verdsarvsenter på Urnesstavkirke.no