Luster kommune er lei av å venta på staten. Gir 11,5 mill. til Urnes verdsarvsenter

Publisert 21.02.2023

– Vil få fart på prosjektet

Folk i Luster er utolmodige. Det rause tilskottet er ei klar oppmoding til regjeringa og fylkeskommunen om å sørge for å få det godt planlagde besøkssenteret på Ornes inn i budsjetta i 2023.

Tekst: Trond Rødsmoen

Vedtaket i formannskapet i Luster torsdag 16. februar var einstemmig: 10 millionar kroner i investeringstilskott til bygging av verdsarvsenteret og 500.000 kroner årleg i tre år til ei prosjektstilling, til saman 11,5 millionar kroner.

Ordførar Ivar Kvalen (Sp) kallar med rette tilskottet for raust, noko som vart følgt opp av Morten Johan Vigdal (Ap):

– Ordføraren kalla det raust, og det er kanskje også ankepunktet: Kven skal eller burde betala dette gildet? I formannskapet er me samde om at staten burde ta ein mykje større del av kostnaden og at mindre fell på kommunen, men me meiner også at det er heilt rett at me bruker dei økonomiske musklane våre for å få fart på dette prosjektet.

Ap-politikaren trekte også fram korleis ei auka satsing på Urnes stavkyrkje vil gi mange synergiar inn mot andre næringar, som fruktdyrking, overnatting og anna i framtida.

– Urnes stavkyrkje er den store innan kultur, det største me har i kommunen utanom naturen. Dette er ei stor sak for Luster, ikkje minst fordi me med eit besøkssenter kan utnytta potensialet som ligg i stavkyrkja som verdsarv.

Har tru på fylkeskommunen

Varaordførar Marianne Bugge (Sp) følgjar opp frå talarstolen:

– Det er ingen hemmelegheit at eg heiar veldig på dette prosjektet og er utolmodig. No er me så nær, alt er stort sett klart, reguleringsplanar, vinnaren av arkitektkonkurransen er kåra, og no er det finansieringa som må på plass. Kommunen har stått på i lengre tid for å få senteret realisert, det er nytta kontaktar inn mot fylke og stat. Med den foreslegne løyvinga viser me at dette er noko kommunen står samla om å få jobba fram. Fylkeskommunen har signalisert at her må me stå saman, dei skal handsama søknaden frå Fortidsminneforeininga no i vår og det er ting som tydar på at verdsarvsenteret står høgt på prioriteringslista, seier Bugge.

Urnes verdsarvsenter er berekna å kosta 93 millionar kroner. Fortidsminneforeininga har søkt staten om 40 millionar kroner til bygget og 9 millionar til utstillinga i senteret, medan ein har søkt Vestland fylkeskommune om 20 millionar kroner. Dei resterande 14 millionane skal etter planen dekkjast av private.

– Ikkje noko å utsetja ytterlegare

I Fortidsminneforeininga sitt hovudkontor i Dronningens gate i Oslo sit ein svært fornøgd generalsekretær.

 – Ein skikkeleg opptur! Med vedtaket seier politikarane tydeleg at det planlagde besøkssenteret er godt forankra lokalt og at Luster kommune ikkje vil sitja og sjå på at prosjektet taper framdrift. No trur og håpar eg at nasjonale styresmakter ser at dette ikkje er noko å utsetja ytterlegare, seier Ola H. Fjeldheim.

Sikrer framdrifta i tre år

Også finansieringa av ei prosjektstilling dei neste tre åra er viktig for framdrifta.

– Mykje av planlegginga av besøkssenteret er gjennomført, arkitektkonkurransen gjennomførte me i 2021-22 takka vera kommunale og private midlar, men framleis er det viktig arbeid som står att. Driftsmidlane på 1,5 millionar kroner sørgjer for at dette arbeidet no kan halda fram. Dette omfattar framdrift i tilpassing av vinnarforslaget, utviklinga av utstillinga «Verda inn i Tunet» og «Urneshagen» og ikkje minst søknadsprosessane for å skaffa offentleg og privat finansiering, seier Fjeldheim.

Etableringa av Urnes verdsarvsenter er den største satsinga i Fortidsminneforeininga si historie. Kjem finansieringa på plass i 2023 kan bygginga starta i 2024. Investeringstilskotet på 10 millionar kroner blir frigitt når annan finansiering er på plass.  

Les meir om planane og underprosjekta på urnesstavkyrkje.no