Innbyding til årsmøte i Sunnmøre lokallag

Publisert 02.03.2020

Etter årsmøtet blir det ope møte kl. 14.00 med utdeling av Godt Vern-pris for 2019. Deretter blir det foredrag ved Frode Inge Helland om hus bygde av Heinrich W. Schmidt 1867 – 1947.

Heinrich W. Schmidt var murmeister og entreprenør frå Schleswig-Holstein og kom til Sunnmøre i 1904. Han slo seg ned i Sykkylven, og slo seg opp på å byggje murhus. Han produserte mursteinen sjølv på ein fabrikk han bygde opp på Blindheim i Sykkylven. Han vart etterkvart kjent for sin særeigne stil og husa vart kalla «Schmidt-hus». Mange av dei står den dag i dag, me finn dei i Ålesund, Giske Sandøy, Sykkylven, Stranda, Norddal og fleire andre stader. 

Foredragshaldaren Frode Inge Helland er Arkitekt og kunsthistorikar busett i Ålesund. Han  har skrive fleire artiklar i «Kunsthstorie» deriblant om om Schmidt og Schmidthusa

Møtet vil innehelde dei vanlege sakane som høyrer til dagsorden. Gratis inngang! Kaffi.  Vi samarbeider med Giske folkeakademi.