Opning av hagen til Prestegarden i Os og avduking av blå skilt

Publisert 20.10.2022

Bjørnafjorden lokallag inviterer til opning av hagen til Prestegarden i Os og avduking av blå skilt.

29.10 kl. 13.00 

Velkomen til opning av hagen til Prestegarden i Os og avduking av blå skilt

  

  • Opningstale av ordførar Trine Lindborg.

 

  • Erik Vangsnes (kultursjef) presenterer prestegardshusa og ideen om skrivarstove.

 

  • Heidi Gaustad (landbruk) fortel om ideen kring hagen.

 

  • Ingebjørg Astrup (leiar Fortidsminneforeininga Bjørnafjorden lokallag) fortel om blå skilt-prosjektet før skilta vert avduka av ordførar.

 

Paktaren og Borgstova er opne for publikum. Det blir servert bollar frå Asvo,  og saft, kaffi og te.

 

BLÅ SKILT i Bjørnafjorden kommune.

«Blå skilt» er eit omgrep som er kjend dei fleste stader i landet. Skilta presenterer kulturhistorie i kortform, og fortel oss om ein bygning, ei historisk hending eller ein viktig person som er knytt til bygget eller staden.

Fortidsminneforeininga – Bjørnafjorden lokallag har ønske om å løfta fram bygg og anlegg i vår kommune, for å gje bygga merksemd om historia både for innbyggjarane og tilreisande. I samband med opprustinga av bygg og hage i prestegarden, ser vi prestegarden som ein flott stad å avduka og markera dei første blå skilta i kommunen. Her ligg eit av dei eldste husa i kommunen, og her finn vi historia til prestebustader i Os gjennom tidene. Etter ei tid med prestegarden i eit anleggsområde, er no uteområdet rusta opp ut frå prinsippa i permakultur.

I Noreg kom dei første blå skilta i Oslo på slutten av 1980-talet, og nasjonalt er det Oslo Byes Vel som har patent på skilta. Dei er følgeleg eit designprodukt som det ikkje er lov å kopiere.

Denne måten å informera om bygg er også eit internasjonalt konsept, og i London har ein til dømes informert om bygg og historie i om lag 150 år. I Bergen kom dei første blå skilta våren 2022, og ein finn ein presentasjon av skilta og ideen for val av dei aktuelle bygga og det aktuelle området i ein artikkel den 4.mai 2022 i Bergens Tidene. Føringar og prosedyre er presentert på nettstaden www.blaaskilt.no.

Styret i Fortidsminneforeininga – Bjørnafjorden lokallag har vurdert kva for bygg  kommunen som er aktuelle kandidatar for blått skilt. Det har vore ein prosess med kva som skal vera med i en kortfatta tekst, og den dialogen har vore ført vidare med eigar av bygga og med kulturetaten i kommunen som kvalitetssikrar innhaldet. For freda bygg søkjer eigar om dispensasjon for å plassera skilt på bygget. Det er søkt om tilskot for å finansiera skilta, tinging og endeleg utforming av skilta skjer i dialog med representant i Selskabet for Oslo Byes Vel. Følgeleg er det ein prosess med fleire instansar involvert. Det er ei ære å bli tildelt eit blått skilt. Ingebjørg Astrup