Seminar:  Sveitserstilen – kulturarv i fare?

Publisert 17.08.2021

Indre Sogn lokallag inviterer til eit dagseminar om sveitserstilen og bygningsarven etter sveitserepoken i Sogn og i Noreg frå ca. 1850 til 1920.

Indre Sogn lokallag av Fortidsminneforeininga ynskjer velkomen til eit seminar dei tror vil ha interesse langt ut over eigen region.

Sted: Kviknes hotell i Balestrand

Dato: Laurdag 9. .oktober kl. 10 - 16

Medarrangørar: Balestrand sogelag og Norsk reiselivsmuseum.

Pris: kr 550. Medlemer i FMF og Balestrand sogelag kr 500. Prisen inkluderer føredrag, lunsj og  

guida tur i Balestrand sentrum.

Påmelding innan 25.09.2021:

Balestrand sogelag, Tore Brudvik tobrudvi@online.no  tel: 450 48 715 

eller    

Indre Sogn lokallag av Fortidsminneforeninga, Ottar Wiik ottar.wiik@sogn.no tel: 934 30 069

Foredragshaldare:

JENS CHR. ELDAL - Kunsthistorikar, forskar, forfattar med doktorgrad og fleire bøker om     sveitserstilen: «Om sveitserstilen sin bakgrunn og framvekst i Europa» 

OLA H. FJELDHEIM – Generalsekretær i Fortidsminneforeininga: «Bygningsvern, klima og miljø. Enøk i gamle hus»

AUD ROSS SOLBERG – Avd. direktør ved Sogn Folkemuseum - De Heibergske samlinger: «Om sveitserstilen i Sogn, og erfaringar med restaurering»

JAN ARVE LUND – Tømmermeister og  fagleg leiar ved Sogn Folkemuseum - De Heibergske samling: «Om sveitserstilen i Sogn, og erfaringar med restaurering»

ÅGE EITUNGJERDE - Balestrands guide, sveitserhus- kjennar med bygningserfaring: «Om bygningsarven frå sveitsertida i Balestrand»

 

LAST NED PROGRAM

LAST NED PLAKAT