Tradisjonshandverkarsamling - Taktekking på Ruistoga

Publisert 20.08.2020

Fortidsminneforeningen i samarbeid med Vest-Telemark Museum

Sundag 20. september inviterer vi til tradisjonshandverkarsamling på Eidsborg. Arrangementet er ope for alle interesserte. Tema for dagen er: Når er det best å gjere minst mogeleg


Tradisjonshandverkarsamling er ein uhøgtideleg måte å dele kunnskap på. Nokon gonger kan me møtast i praktisk arbeid. Andre gonger møtest me, drikk kaffi, høyrer eit føredrag og diskuterer aktuelle tema innan bygningsvern.
Høvet for denne samlinga er kunnskapsdeling og kompetanseoverføring i samband med restaureringsarbeid på Ruistoga. Arbeidet blei støtta av Kulturminner for alle, Fortidsminneforeningen, Kulturminnefondet, Ta eit tak og Tokke kommune.

Program for dagen er todelt og ope for alle. Fyrste del er på Ruiplassen, andre del på Vest-Telemark museum.

Kl. 14.00, Ruiplassen: Alice Haukelidsæter, eigar, viser og fortel på Ruiplassen. Kl. 16.00, Eidsborg: Thomas Sandvik Jacobsen, tradisjonshandverkar (bildet), viser bilete og fortel frå restaureringsarbeidet.
Kl. 16.45, Eidsborg: Else Marie Skau frå Fortidsminneforeningen fortel om høva for å søke tilskot.
Kl. 17.00, Eidsborg: Dag Feldborg, kulturhistorikar, snakkar om temaet "Av og til er det best å gjere minst mogeleg".

Påmelding til post@vtm.no eller 35069090

Maks 50 personar.

Hugs avstandsreglar. Handvask og sprit tilgjengeleg.