Slåande rik dekor og mange lag med forteljingar: Velkomen til Rosekyrkja i Stordal!

Publisert 03.07.2023

Open i sommar til 20. august

Å entre Stordal gamle kyrkje for første gong kan vere både overraskande og overveldande. Kyrkja frå 1789, «Rosekyrkja» på folkemunne, har slåande rik innvendig dekor og mange lag med forteljingar i seg.

Tekst: Kari Aslaug Hasle. Artikkelen ble først publisert i Fortidsvern nr. 2-2023.

Fortidsminneforeininga kjøpte Rosekyrkja i 1908 for å hindre at ho vart riven. Kyrkja er i dag eit levande kulturminne driven av Sunnmøre lokallag. Sidan kyrkja er utan oppvarming er drifta lagt til sommarsesongen. I 2022 var her om lag 3500 besøkande. Turistar er ei viktig inntektskjelde for arbeidet, men kvar 17. mai og olsok er her tradisjonsrike gudstenester.

Rosekyrkja er også ein ynda stad for vigslar og dåp, og her er årlege stemningsfulle konsertar i kyrkja. Sunnmøre lokallag har eit mål om å auke bruken av staden, og har dei siste åra satsa på å utvikle formidling om kyrkja til ulike målgrupper.

Besøkje Rosekyrkja? Opningstider, prisar, kart og aktivitetar i området finn du her

Ei tradisjonell bygdekyrkje

Då kyrkja i Stordal vart reist i 1789 erstatta den ei stavkyrkje som var blitt for liten. Noko av materialet frå stavkyrkja skal vere brukt i Rosekyrkja. Arkitekten og pådrivaren bak den åttekanta kyrkja var soknepresten Ebbe Carsten Tønder (1726-1785) som døydde før den stod ferdig.

Stordalsbøndene bygde kyrkja på dugnad, og truleg med tømmer frå eigen skog. Kyrkja er lafta, og det vart ikkje brukt høvel på stokkane. Rosekyrkja er 22,5 meter lang i eit langstrekt, åttekanta grunnplan der fire massive søyler i kyrkjerommet ber taket. Den totale breidda i åttekanten er 10 meter.

Kyrkja gjekk ut av bruk i 1907, og inneheld ei rekke gjenstandar frå 1100-talet til 1800-talet som gir unike forteljingar om kyrkjestaden si lange historie. Krusifikset i kyrkja er frå slutten av 1100-talet, og det finst berre nokre få like gamle krusifiks i landet. Kyrkjebenkane fortel om sosial lagdeling i det gamle samfunnet. Knapt nokon benkar er like, og det kan difor sjå ut som om at kvar gard har laga sine eigne. Folk frå dei største gardane sat nærast alteret, og benkane bak er smale og utan ryggstø for dei utan matrikulert jord.

Øystein Ekroll, forskar og bygningsarkeolog, meiner kyrkja gir eit eineståande inntrykk av korleis ei bygdekyrkje på Sunnmøre såg ut før det vart sett inn omnar, nye benkar og lagt isolasjon i tak og golv. Utvendig står kyrkja kvitmåla og med raudt pannetak. Den enkle og stilreine utsida gir i seg sjølv ikkje forklaring på namnet kyrkja har på folkemunne.

 

Dekor som fortel

Den uttrykksfulle utsmykkinga i kyrkjerommet på alle flater har gitt kyrkja namnet Rosekyrkja. Tone Marie Olstad ved Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) seier få kyrkjer i Noreg kan måle seg med Stordal gamle kyrkje når det gjeld dekor i interiøret.

I 1799 utførte Webjørn Olsen Hammersbøen (1766-1809) saman med assistenten Anders Reinholdt målararbeidet for 50 dalar samla inn av bygdefolket. Skip, kor og veggar og tak vart dekte av fargerike dekorasjonar og figurmotiv frå bibelhistoria. Utføringa kan ikkje samanliknast med arbeidet i Det sixtinske kapell, men er utført med ein sjarmerande kyndigheit i fargebruk og formspråk. Interiøret har i liten grad vore overmåla, og det har ikkje vore restaurert for mykje. Konservator Arne Bakken i NIKU har i nyare tid reinsa overflatene, og konsolidert limfargedekoren der det var nødvendig. Slik kan dekoren vere sikra for ei tid.

Målaren Hammersbøen, i kjelder også under namna Halling og Maler, vandra over fjellet frå Hol i Hallingdal for dekoroppdrag på Vestlandet. Han skal ha dekorert fleire kyrkjer på Sunnmøre, mellom anna hovudkyrkja i Volda riven i 1855. Han dekorerte truleg også i dei gamle stavkyrkjene på Sæbø, i Ørsta, og Geiranger kyrkje som brann i 1841.

Rosekyrkja inneheld det einaste av dei store arbeida som står att etter denne målaren. Dekoren gir inntrykk av ein folkekunsttradisjon i sjølvlærd stil, men med god kjennskap til målarfaget og den kyrkjelege bilettradisjonen. Målaren dikta fritt frå kyrkjekunst, biletbiblar og skillingstrykk gjennom eit sjølvutvikla biletprogram i samanheng. Kyrkjekunsten vart slik ei bibelhistorie i bilete for dei som ikkje meistra lesekunsten. Gjennom skriftlege kjelder veit vi at dei fleste motiva måla i Rosekyrkja vart repeterte frå målararbeidet Webjørn gjorde i den gamle stavkyrkja i Volda i 1797. Rosekyrkja gir på denne måten unike inntrykk av folkekunst og bildeforteljingar som prega eit større område av bygdekulturen på Nord-Vestlandet.

Formidling for utforsking

Sunnmøre lokallag i Fortidsminneforeininga har lagt ned stor innsats i å skape auka engasjement for Rosekyrkja gjennom ulike formidlingsprosjekt dei seinare åra. I 2020 lanserte lokallaget boka Rosekyrkja – eit ugløymande syn. Boka er rikt illustrert og i eit format som synleggjer rike detaljar og fargar i kyrkja. Målet var å gi lesaren varierte inntrykk av kyrkja som kulturarv og med vurderingar frå ulike faglege synsvinklar.

- Gjennom arbeidet med boka hadde vi mellom anna eit mål om å formidle ny kunnskap frå vedlikehaldet i kyrkja dei siste åra, fortel Judith Musther i styret for Sunnmøre lokallag. Boka gir mellom anna innsikt i arbeidet med konsolideringa av måleria og konserveringa av det gamle kyrkjeskipet. Samstundes skildrar innhaldet også samfunnet og livet kring kyrkja då ho vart reist. Boka er også omsett til engelsk.

I 2022 utarbeidde Mathilde Østgård Sjåvik og Jon Roald Pettersen eit undervisningsopplegg, Prosjekt 1789, med utgangspunkt i Rosekyrkja. Dette vart utvikla i samarbeid med lærarar og born ved Stordal skule, og resulterte i eit oppgåvehefte til bruk i ei rekke fag og på ulike nivå. Målet er å stimulere til undring og utforsking av Rosekyrkja og lokalsamfunnet i fortid og samtid, og stimulerer til refleksjonar rundt det å leve i Noreg på 1800-talet.

Utgangspunktet for prosjektet var at kyrkja har vore lite brukt av lærarar og elevar i nærmiljøet. Lærarar har opplevd manglande kompetanse om kyrkja, og dette prosjektet har ført til at Stordal skule vil gjennomføre eit årleg opplegg knytt til kyrkja for elevar på 6. trinn. Sjåvik og Pettersen arbeider no med å vidareutvikle prosjektet til fleire målgrupper.

Ønskjer du å besøkja denne vakre kyrkja i Stordal i Møre og Romsdal? Meir om sesong og opningstider finn du her.

Kjelder:

Birkeland, Narve: Eit smykkeskrin – med sin overdådige prydnad. Stavkyrkja i Volda i Voldaminne 2023, Volda Sogelag.

Farstad, A. (red.) (2020): Rosekyrkja – eit ugløymande syn. Sunnmøre lokallag, Fortidsminneforeininga.

Ekroll, Ø. & Eide, P. (2012): Sunnmørskyrkjene : historie, kunst og arkitektur. Sunnmøre historielag, Sunnmøre museum & Aalesunds museum.

Sørheim, H. (1995): Rosekyrkja i Stordal og kirkemaleren Vebjørn Halling. Fortidsvern (1975-2003).21(1995) nr. 3.