Rosekyrkja i all si fargerike prakt

Publisert 13.11.2020

Ei vakker bok om ei vakker kyrkje – og ei skildring av samfunnet og livet kring kyrkja på den tida ho vart reist.

Tekst: Trond Rødsmoen

Stordal gamle kyrkje – «Rosekyrkja» – har vore i Fortidsminneforeininga si eige sidan 1908. I år, 112 år seinere, kan vi glede oss over at historia om denne særeiga kyrkja no kjem i ei bok som yter det fantastiske interiøret rettferd. Til no har den einaste boka til sals til besøkande i kyrkja vore ei utgåve frå 1989, med bilete i svart-kvitt. Det ynskte styret i Fortidsminneforeininga Sunnmøre lokallag å gjera noko med.   

Stor frivillig innsats

– I utgangspunktet var planen å oppdatere den forrige utgåva, men vi oppdaga etter kvart at det var mykje kunnskap som har kome til sidan den gong. Dessutan var det viktig å få med nye artiklar om arbeidet med konsolideringa av måleria og konserveringa av det gamle kyrkjeskipet, sier Judith Musther, lokallagets leder.

Saman med historikar Aud Farstad, tilsynshavar Kristian Almås og den dyktige amatørfotografen Odd Karsten Hanken utgjer ho redaksjonskomiteen som har utført ein stor frivillig innsats på prosjektet som er blitt til boka «Rosekyrkja. Eit ugløymande syn». Møre og Romsdal fylkeskommune, Fjord kommune, Kyrkjehola Kulturbeite og Eckbos Legat har støtta økonomisk.

– Alle fire er godt kjende med kyrkja, men vi har og lært mykje nytt. Vi har blant anna funne til no ukjende arkivteikningar. I boka har vi og med ein artikkel om funn av små kister gøymde i kyrkjemuren, der man la fostre på vigsla grunn, fortel Judith.

Kyrkja og dagleglivet

Sjølv om dette er eit bokverk om ei kyrkje, er det og ei skildring av samfunnet og livet kring kyrkja. 

I eit kapittel gjengis ei «augevitneskildring»: Kristian K. Almaas (1896–1935) skreiv i si tid ned korleis han hugsa ei kyrkjeferd som fire-fem-åring. I ei anna skildring vert vi med til preikesundagen, høgdepunktet i tilværet, med båt eller til fots. Med i boka er og ei oversikt over dei ulike slektene si plassering i kyrkja etter rang for to hundre år sidan – noko som nok kan vekkje interessa hos bygdefolket også i dag. 

– Heile vegen har vi ynskt å appellere til både lokale folk og til norske og utanlandske besøkande som kan hende ikkje har peiling på korleis livet arta seg her då kyrkja vart reist, på same tid som den franske revolusjon. Gjennom historia om kyrkja vil vi skapa eit bilete av korleis det var på bygda i Noreg på den tida, fortel Judith.

Forklarar motiva frå Bibelen

Kyrkjebygget og det «ugløymande» interiøret får naturleg nok mykje plass. Mange av motiva blir forklara med skildringane i Bibelen; Samson og Løva. David og Goliat. Dei fem kloke og dei fem uforstandige brudejentene. Dette er eit grep Judith Musther er godt nøgd med.

– Det er mange besøkande som ikkje kjenner til Bibelen i dag, og difor valde vi å ta desse bibelversa med i boka. Det bidreg til meir djupleik i forståinga av det ein ser avbilda på veggane, sier Judith.

– Kva er det som gjer Rosekyrkja så spesiell?

– Det overveldande interiøret.  Dekoren er så komplisert på mange måtar, men samstundes veldig enkel. Ein kan jo berre tenkje seg korleis det var å kome fra kvardagsstrevet som bonde, frå eit hardt liv med lite til overs, og så kome inn i dette fargerike interiøret med forteljingar på veggane, seiar Judith.

– Jeg syns ordfører Eva Hove formulerer det fint i forordet: «Å vere i dette kyrkjerommet gir mange av oss ei sterk kjensle av å vere eit menneske i rekkja av slekter.»

KJØPE BOKA?

Rosekyrkja. Eit ugløymande syn kan kjøpes i Stordal gamle kyrkje eller bestilles på e-post hos Fortidsminneforeininga Sunnmøre lokallag.

Pris: kr 300 + porto. Boka er oversett til engelsk.