STORDAL GAMLE KYRKJE

«Rosekyrkja» med den vakre og frodige dekoren

Denne kvite, åttekanta kyrkja er bygd i 1789, og har eit spesielt frodig interiør. Veggene, søylene, taket, galleriet og preikestolen er dekte med akantusrankar og drueklasar, sirklar og roser i solgult og himmelblått. Mellom roser og rankar er det bibelske motiv. Den frodige rosemålinga i hallingtradisjon har gjeve tilnamnet «Rosekyrkja».
Stordalsveien 628, Stordal, 6250

Stordal, Møre og Romsdal

I Fortidsminneforeningen si eige sidan 1908

Reist av bønder, dekorert av omreisande kunstnarar. Rosekyrkja erstatta den gamle, forfalne stavkyrkja frå 1300-talet. Bøndene bygde henne på dugnad med gjenbruk av alt brukande frå stavkyrkja.  Der er gamal tradisjonsmåling i taket i våpenhuset og  på kyrkjebenkane. Truleg er søylene, døypefonten og delar av preikestolen også frå stavkyrkja. Rosekyrkja blei dekorert i 1799 av to omreisande bygdekunstnarar – Vebjørn Hamarsbøen «Halling» og Anders Reinholdt. Her er biletrikdom og fargeglede som frydar oss den dag i dag. Stilen er gamaldags - barokk renessanse i motiva og til dels i fargane, typisk for bygdekunstnarar.

Rosemåling og biletrikdom. Veggmåleria har svarte og kvite draperi nedst, store rosemåla parti i midtfeltet, og bibelske personar øvst. På nordsida er Jesus mellom dei fem kloke og dei fem ukloke jomfruene, Samson og løva og David og Goliat. Over koropninga sit dei fire evangelistane, og på sørveggen står ein smilande Jesus saman med dei tolv apostlane. Over midtgangen er ein gråblå stjernehimmel med både sol og måne, og over benkeradene slyngar  det seg fargerike hallingroser med eit vaktande andlet som ser strengt ned på kvinnesida. Midt i kyrkja heng eit flott kyrkjeskip frå tidleg 1600-tal, og ved døypefonten eit vakkert mellomalderkrusifiks. Altertavla har ei korsfestingsgruppe med utskorne og måla figurar, Jesus mellom Maria og Johannes.

Opplevingar i området: Rosekyrkja ligg ved bygdetunet i Stordal saman med Prestestova frå ca. 1850, som Fortidsminneforeningen overtok i 1983. Bygdetunet ligg langs turistruta mellom Ålesund –Geiranger – Trollstigen, og det er fleire gode tilbod innan natur og friluftsliv.

Kjelder: «En reise gjennom norsk byggekunst» red. Terje Forseth. Fortidsminneforeningen 1994/ Stordal gamle kirke på Sunnmøre. Av Birgitta Rønnestad, Fortidsminneforeningen Årbok 1969