– Eg er spent på kva Urnes stavkyrkje betyr for arkitektar i 2022. Det har vi no fått 124 svar på!
Publisert 06.01.2022
Publisert 06.01.2022
(Saken ble oppdatert 19.1.2022 for å justere antall innkomne forslag fra 125 til 124.)
– Eg synest det er fantastisk morosamt at det har komme inn så mange forslag. Det er tydeleg at dette er eit oppdrag som inspirerer og utfordrar arkitektar, ikkje berre nasjonalt men også internasjonalt, seiar Margrethe C. Stang, styreleiar i Fortidsminneforeininga.
Ho leier òg juryen som skal gå igjennom alle dei 125 forslaga som kom inn innan fristen 22. desember 2021 kl. 12. Første jurymøte byrjar måndag 10. januar. I to dagar samlast medlemmene i Luster i Sogn, der Urnes stavkyrkje ligg i bygda Ornes. I første omgang skal alle forslaga presenterast, før juryen drar på synfaring til stavkyrkja og tomta der verdsarvsenteret skal byggast.
– Eg trur at juryarbeidet blir utfordrande og morosamt. Eg gleder meg til å sjå på kvart einaste forslag, og på korleis arkitektane tenker rundt både landskapet og funksjonane verdsarvsenteret skal ha, seiar Stang. – Eg er spent på kva Urnes stavkyrkje betyr for arkitektar i 2022? Det har vi no fått 124 svar på. Stor stas!
Godt fprnøgd med responser er òg Gisle Nataas, konkurranseleiar i Norske arkitekters landsforbund og sekretær for juryen.
– Det er eit veldig godt tal som er komme inn og det er heilt på linje med korleis desse opne attraktive konkurransane har vore den siste tida.
Konkurranse takka vera privat gjevar
Det var eit mål å kunne lyse ut ein arkitektkonkurranse for verdsarvsenteret i løpet av 2021, og dét let seg gjere etter at ein privat gjevar gav éin million kroner til dette føremålet og Luster kommune løyvde 700 000 kroner frå næringsfondet sitt. Ei annan viktig brikke på vegen mot verdsarvsenteret fall på plass då handsaminga av detaljreguleringsplanen for tomta der senteret skal byggjast, blei ferdig og planen blei politisk vedteken av Luster kommune i desember 2021.
Det blei lyst ut ein offentleg plan- og designkonkurranse for Urnes verdsarvsenter i midten av oktober 2021. Konkurransen blei lyst ut og blir gjennomført i samarbeid med Norske arkitekters landsforbund (NAL). Resultatet blir offentleggjort når juryen er ferdig med arbeidet sitt i mars 2022.
Konkurransegrunnlaget blei til gjennom ein lang og grundig prosess med funksjonsskildringar og krav til alle område av bygget, i tillegg til ei inngåande vurdering av krav til utforminga av bygget i det sårbare kulturlandskapet på Ornes. I denne prosessen samarbeidde Fortidsminneforeininga med den lokale forprosjektgruppa for verdsarvsenteret, Norske arkitekters landsforbund og sivilarkitekt Kristin Bauck AS, som var innleigd av Fortidsminneforeininga for å gje fagleg hjelp med utforminga av konkurransegrunnlaget.
Medlemane av juryen er:
Juryleiar Margrethe C. Stang, førsteamanuensis ved NTNU, styreleiar i Fortidsminneforeningen, nestleiar i Verdsarvrådet i Luster
Jurymedlem Erik Jondell, arkeolog, tidlegare museumsdirektør
Jurymedlem Ola H. Fjeldheim, generalsekretær i Fortidsminneforeningen
Jurymedlem Ivar Kvalen, ordførar i Luster kommune
Jurymedlem Kjetil Trædal Thorsen, sivilarkitekt MNAL, oppnemnd av Norske arkitekters landsforbund (NAL)
Jurymedlem Sondof Rabbe, sivilarkitekt MNAL, oppnemnd av Norske arkitekters landsforbund (NAL)
Norske arkitekters landsforbund (NAL) ved Gisle Nataas vil fungere som sekretær for juryen.
Vinnaren blir annonsert i løpet av mars 2022.
Urnes verdsarvsenter har eiga nettside der planane for det kommande besøkssenteret er presentert.