Vi søkjer dagleg leiar for Borgund stavkyrkje og besøkssenter

Publisert 04.01.2022

Ønskjer du å jobbe med kulturarv og berekraftig reiseliv ved ein av Noregs flottaste attraksjonar? Fortidsminneforeininga søkjer etter dagleg leiar for Borgund stavkyrkje og besøkssenter i 100 % stilling. Søknadsfrist 14. januar 2022.

Dagleg leiar vil vere tilsett i Fortidsminneforeininga sentralt i museums- og eigedomsavdelinga, bidra i utviklingsarbeid og prosjekter, og skal ha eit tett samarbeid med organisasjonen elles. Fortidsminneforeininga sin vedtekne museumsstrategi og berekraftstrategi legg føringar for arbeid og utvikling ved eigendomane. I tråd med desse skal det utviklast ei berekraftig, kvalitetsprega museumsdrift, som både forvaltar og formidlar kulturarven til den lokale, nasjonale og internasjonale marknaden.

Oppgåver

  • Jobbe med utvikling av innhald, formidling og funksjonar ved stavkyrkja og besøkssenteret
  • Utvikle formidlings- og aktivitetsplanar som sikrar berekraftig besøksutvikling
  • Utvikle produkt og opplevingar i samarbeid med lokale reiselivsverksemder og aktørar
  • Jobbe aktivt med kulturturisme med basis i prinsipp for berekraftig reiseliv og innsikt i turistutviklinga i Noreg, men innan kulturminnet sine tolegrenser
  • Kontakt med turistnæringa og reiselivsaktørar om marknadsføring av Fortidsminneforeininga sine eigedomar
  • Administrasjon av besøk og anna bruk av stavkyrkja
  • Drift av museumsbutikk og kafé
  • Arbeide for at verksemda når dei økonomiske mål som er sett i driftsbudsjettet
  • Budsjett og økonomisk oppfølging
  • Rapportering av besøksstatistikk
  • Personalansvar for omvisarar og anna personale knytt til besøksdrifta, inkludert tilsetjingar, opplæring og oppfølging
  • Ansvar for HMS og Miljøfyrtårn-arbeidet


Arbeidsstad
Lærdal


Kvalifikasjonar
Søkjarar bør ha høgare utdanning innafor relevant fagområde, t.d. reiseliv, kunsthistorie, historie og kulturformidling. Røynsle frå leiing, utviklings- og prosjektarbeid og bruk av sosiale media er ein føremon. Søkjarar må kunne formulere seg godt, både munnleg og skriftleg på norsk og engelsk og gjerne meistre eit framandspråk til. For å lukkast i stillinga må ein ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og vere utviklingsorientert, kontaktskapande og strukturert med evne til å arbeide sjølvstendig og i grupper. Jobben kan til tider vere hektisk, og du må vere budd på noko kvelds- og helgearbeid. Søkjaren må ha førarkort.

Fortidsminneforeininga tilbyr
Løn etter kvalifikasjonar. Forsikrings- og pensjonsordning. Fleksibel arbeidstid.

Søknad og CV vert å sende til
post@fortidsminneforeningen.no innan 14. januar 2022

Kontaktinformasjon
For informasjon, kontakt generalsekretær Ola H. Fjeldheim 918.84.386, leiar for museum og eigedom Merete Winness 922.47.962 eller dagleg leiar ved Borgund stavkyrkje Tanna Gjeraker 907.92.319.

Stillingsannonsen på finn.no

Fortidsminneforeininga er verdas eldste frivillige kulturminnevernorganisasjon, og har 8000 medlemmer landet rundt. Vi arbeidar med kulturminnesaker gjennom formidling, politisk arbeid og eigedomsdrift. Fortidsminneforeininga eig 43 av dei mest verdfulle kulturhistoriske eigedomane i landet, mellom anna 8 stavkyrkjer og 10 andre mellomalderbygg.