-
Hardanger folkemuseum, 5778, Utne
-
TILSKUDD
2016: kr 100 000
-
HÅNDVERKER
-
KOMPETANSEOVERFØRING
KROT I RØYKSTOVA
Krot er ei dekorform der ein målar geometriske mønster, ofte gamle symbol som kross og solteikn på eit eller to omfar i høgde med beten i røykstover. Dette arbeidet vart utført av kvinnene på ein gard til jul og til jonsok.
Krot er geometriske mønstre med ei blanding av kritt og mjølk på omfaret under beten i røykstovene. Dei kunne og tilføre raudfarge ved å knuse tegl til fint pulver og blande det i kritt-vellinga. Dei kunne også nytte kol eller leire for å få svake nyanser av svart og grønt. Mønsteret dei nytta var gamle symbol som kross, sol-teikn, åttebladrose, mm.
Kulturminner for allmennheten:
Alle desse bygningane er tilgjengelig for allmennheten. Hardanger Folkemuseum har planer både for istandsetting og formidling.
Kompetanseoverføring:
Arbeidet med å krote stovene vil vera eit prosjekt som vert utført i 2017 og 2018. To av stovene vil me krote til jonsok og jul i 2017. Ei tredje stove vert krota til jonsok 2018. Me får då prøvd ut ulke mønster. Dei tre stovene står på ulike stader, ei stove står på Utne, ei på Bu og ei i Vikøy. Elever fra barneskole og barnehagebarn har deltatt i prosjektet.
Sjå ein film om kroting: vimeo.com