Velkomen til årsmøte i Sunnmøre lokallag laurdag 26. februar

Publisert 18.02.2022

  Vi inviterer til årsmøte, utdeling av Godt Vernprisen 2020 og foredrag om gjenreisingsbyen som fenomen. Stedet er «Kølbua» ved Devoldfabrikken i Langevåg.

Kl. 13.00  Årsmøte

Kl. 14.00 Kaffipause med sal av boka «Rosekyrkja – eit ugløymande syn»

 

OPE MØTE: Gratis inngang – ope for alle

Kl. 14.15  Utdeling av Godt Vernprisen 2020 ved Sunnmørsposten og FMF Sunnmøre lokallag til Rønneberghuset på Larsnes, med ein in liten presentasjon av restaureringsarbeidet

Kl. 14.30  OLA HJELEN, arkitekt, Møre og Romsdal fylkeskommune.

Gjenreisingsbyen som fenomen: Innhald, stadidentitet og potensiale.

Atterreisinga etter 1940

Problemstillingar: 

Kva er dei viktige elementa i gjenreisingsarkitekturen?

Kva er spelerommet for endring? 

Er gjenreisingsarkitekturen mogleg å marknadsføre?

 

Etterpå vil Ola Hjelen orientere litt om «1650-prosjektet» der dei har drive med å kartleggje hus i Møre og Romsdal frå før 1650 – fleire spennande funn!

Hjarteleg velkomne!