Velkomen til å feira Hovemadonnaens heimkomst

Publisert 12.04.2022

Hovemadonnaen i attskapa versjon kjem heim til Vik i Sogn. Bli med å feira "Madonna-helgi" 20. til 22. mai!

BILLETTAR KJØPER DU HER

Eller søk på "Madonnahelgi" i Hoopla.

PROGRAM FOR FAGSEMINARET FREDAG 20. MAI - LAST NED

Hovemadonnaen er ein malt eikeskulptur av Maria med barnet frå litt før 1250. Skulpturen stod i Hove kyrkje fram til ca. 1840 og er no ved Universitetsmuseet i Bergen. Den nærare 800 år gamle og særs vakre og verdige mellomalderskulpturen ber no preg av hundreåras alderdom og står med skader, manglande delar og falma fargar.

Moderne teknologi og eldgammalt handverk

Mellom 2017 og 2020 vart ei ny Hovemadonna forma. Kjernen i det nyskapte kyrkjekunstverket er ei nøyaktig gjengjeving av originalen slik han står i dag. Den nye eikeskulpturen er skoren med utgangspunkt i eit 3D-skann av originalen, men skadane på originalen og dei manglande delane er utbetra på denne nye versjonen. Dette er gjort med utgangspunkt i kunnskapsbaserte vurderingar av korleis dei manglande delane på originalen ein gong kan ha vore utforma.

Ved hjelp av forsking, skanning, treskjering og fargesetting er Hovemadonnaen forma på nytt – gjenskapt.

Den attskapte Hovemadonnaen kan du no og fram til slutten av april 2022 sjå utstilt ved Universitetsmuseet i Bergen, der originalen også er å sjå. I mai 2022 vert så den nye versjonen overført til Hove kyrkje, med høveleg markering: 

PROGRAM

FREDAG 20. MAI

Blix hotell kl. 09.00-16.00: «Hovemadonnaen. Original og gjenskaping».

LAST NED PROGRAM FOR FAGSEMINARET HER

Populærvitskapleg seminar om Hovemadonnaen og miljøet figuren vart skapt i og fungerte i. Arrangert av Universitetet i Bergen i samarbeid med Fortidsminneforeininga Sogn og Fjordane avdeling. Inngang: kr 325 inkl. kaffi/te/frukt. Kr 675 inkl. varm lunsj.

Konsert i Hove kyrkje kl. 19.00:  «Velkomen heim!»

Overleveringsseremoni ved Hovemadonnakomiteen, og konsert  med m.a. songarane Kari Malmanger og Sivert Almås Jullumstrø, damekoret Gygrene, Ragnar Hove, Mathilde Skjæret (hardingfele) og Anders Vassli Brekke (orgel). Inngang: kr 275.

Konsert i Hove kyrkje kl. 21.00: «Velkomen heim!»

Skumringskonsert  med utvida versjon av konserten kl. 19.00. Inngang: kr 275.

 

LAURDAG 21. MAI

Lokalhistorisk kafé på Blix hotell kl. 11:30 – 13.00

Kåseri av Anna Elisa Tryti, historikar og prosjektdirektør i Vestland fylkeskommune: «Kyrkjer og religiøst liv då Maria frå Hove møtte vikjene for om lag 800 år sidan». Gratis inngang.

Nysteikte vafler og kaffi kan kjøpast for 80 kr. Betaling til hotellet. Arrangør: Vik historielag i samarbeid med Sogn lokallag av Fortidsminneforeininga.

Konsert med tingingsverk i Hove kyrkje kl.18.00 og 20.00: «Maria Møy»

Kveldskonsert med Maria-musikk, m.a. med urframføring av tingingsverket «Maria Møy. Himmelsk dronning og jordnær mor» av komponist Ørjan Matre. Medverkande: Berit Opheim (song), Birgitta Elisa Oftestad (cello), Anders Vassli Brekke (orgel), og kvinnekoret Schola Solensis (gregoriansk song). Inngang: kr 275.

 

SUNDAG 22. MAI

Festgudsteneste i Hove kyrkje kl. 12.00: «Til Guds ære!» Økumenisk festgudsteneste i Hove kyrkje, og med plassar også på kyrkjegarden. Arrangør: Kyrkja i Vik i samarbeid med Fortidsminneforeininga. Gratis inngang.

Konsert i Hove kyrkje kl. 17.00  «Lova Lova Line»

Maria-legender og folkemusikk Konsert med Mari Askvik (song), Kari Malmanger (song og indisk harmonium), Kjersti Morland (song og forteljing), Ingrid Askvik (regi) Inngang: kr 275.

Anna å oppleve i Vik under Madonnahelgi (gratis inngang):

  • Utstillinga «Gjenskaping – Hovemadonnaen i ny form», laga av Universitetsmuseet i Bergen
  • Utstilling av dåpskjolar frå 1800-talet og fram til i dag. Vik Kyrkje. Opningstider: Fre: 16-18. Laur: 13-17. Sun: 13-15  
    Arr.: Vik Husflidslag
  • Hopperstad stavkyrkje. Opningstider: kl.10 -17 alle dagar. Billettsal i porten.
    Kr 80 for vaksne, kr 60 for born/studentar. Gratis inngang for medlemer i Fortidsminneforeininga

Hovudarrangør for Madonnahelgi i Vik er Fortidsminneforeininga. Medarrangørar er Universitetet i Bergen, Kyrkja i Vik, Vik historielag og Vik Husflidslag. Arrangør for konsertar i programmet er Fortidsminneforeininga.

Me takkar velvillige gjevarar for støtte til festdagane: Norsk Kulturråd, Vestland fylkeskommune, Bendixens fond - Universitetet i Bergen, Opplysningsvesenets fond, Vik kommune, Sogn Sparebank, Highsoft AS, Accountor Sogn AS, Linn Bad AS.

Førehandssal av billettar på hoopla.no

Ledige billettar i sal ved inngang. Spørsmål om billettar, tlf. 91639648 eller e-post til sognogfjordane@fortidsminneforeningen.no

LES OGSÅ: Hovemadonnaen: Å forma ein mellomalder-skulptur på nytt