HOVE STEINKYRKJE

Romansk kvadersteinskyrkje berga av arkitekt Blix

Hove steinkyrkje er datert til rundt 1170, og er såleis ei av dei eldste steinkyrkjene i landet. Kyrkja, som blei reist på grunn eigd av storgarden Hove, er lita, men har utsøkte former som vitnar om ein velståande byggherre. Kyrkja var rivingstruga då arkitekt Peter Andreas Blix (1831–1901) i 1880 kjøpte henne for eigne pengar og sette i gong det omfattande restaureringsarbeidet. Kyrkja er eit monument over bergingsmannen.

Vik i Sogn, Sogn og Fjordane (Vestland)

Eigd av Fortidsminneforeningen sidan 2019.

Skulle seljast stein for stein. Då arkitekt Blix leidde restaureringa av Håkonshallen i Bergen, fekk han tilbod om å kjøpe kleberstein frå Hove-kyrkja, som skulle rivast. Etter at nye Vik kyrkje stod ferdig i 1877, var det ikkje bruk for Hove kyrkje lenger. For å hindre rivinga kjøpte Blix kyrkja og restaurerte henne etter sine eigne planar og for sine eigne pengar. Interiøret er prega av Blix sine val, og dekoren og inventaret er slik han tenkte seg at det kunne sett ut i mellomalderen. Kyrkjeveggane er dekte av fargesterk dekor, og skipet har ei måla brystning i imitert kvaderstein. Koret er rikt dekorert; alterpartiet er ramma inn av kvadersteinsmåling og har ein kuppel der kvelven er måla i sterkt blått som ein himmel med sol og måne. Av mellomalderinteriøret er steinalteret bevart, og i alterplata er det eit relikviegøyme dekt av ei marmorplate. Blix eigde kyrkja då han døydde i 1901 og er gravlagd under kyrkjegolvet.

Hovemadonnaa – det skal lagast ein kopi. I kyrkjekunstsamlinga på Bergen museum finst ein madonna med barnet-figur frå rundt 1230 som har stått i Hove steinkyrkje. Lokale krefter har engasjert seg for å få madonnaa attende til kyrkja i form av ein kopi. Treskjærerverkstedet AS held på med å skjere ut ein kopi av Hovemadonnaa, og ved hjelp av Universitetsmuseet i Bergen vil kopien av madonnafiguren bli supplert med dei delane som manglar på originalen. Arbeidet blir finansiert med innsamla midlar, og små og store donasjonar er kjærkomne: Bankkontonummer 3800.57.40042 eller Vipps-nummer 118016

Opplevingar i området: Fjell, fjord, laksefiske, kulturminne og smaksopplevingar. – Det storslegne fjordlandskapet i Sogn byr på mange moglegheiter. Mellomalderkyrkjene på Hopperstad og Hove, dei gamle husa på Vikøyri, Fridtjovparken med den 22 meter høge statuen av Fridtjov den frøkne, som var ei gåve frå keisar Wilhelm II i 1913, med fantastisk utsikt over Sognefjorden. – Eller du kan vitje Ostebaren på gamalostmeieriet til Tine. Sylvringen er ein fantastisk og minnerik kulturell rundtur med guide i Vik.Visitnorway.no  

Kjelder: «Kirker i Norge. Middelalder i stein» Øystein Ekroll, Stige M og Havran J. ARFO 2000/ «Peter Andreas Blix. I strid for vern og vekst». Gaute Losnegård, Losnegård, Rolf. Selja Forlag 2001/wikipedia/www.norske-kirker.net