Hovemadonnaen: Å forma ein mellomalder-skulptur på nytt

Publisert 28.12.2021

I mai 2022 kjem ho tilbake til Hove steinkyrkje i Vik i Sogn, der ho skal få den permanente plassen sin ved høgalteret. Rett nok som ein kopi, men for ein kopi! To tiår har det tatt å attskapa Hovemadonnaen frå 1200-talet, takka vere lokalt engasjement, pengeinnsamling og ein kombinasjon av moderne høgteknologi og eldgammalt handverk. Originalen er i Universitetsmuseet i Bergen – og der kan du òg oppleva kopien, i utstillinga «Gjenskaping». Alf Tore Hommedals skriv her om Maria med barnet frå Hove kyrkje og skapingsprosessen av vår tids versjon av den over 750 år gamle originalen.

Tekst: Alf Tore Hommedal, fyrsteamanuensis ved Universitetsmuseet i Bergen og medlem i Hovemadonnakomiteen i Vik.

«Sæl er den ætta der Kristus er blitt fødd.  Kor ærverdig møya er, ho som fødde Himmelkongen.»

Det er slik både menneska i mellomalderen og me i vår tid møter Maria med Jesusbarnet i Hovemadonnaen frå Vik. Juleevangeliets mor og barn, ungjenta Maria med den sprellande sonen på fanget, er framstilt i kombinasjon med Gudføderska – Guds Mor – ho som fødde Himmelkongen og gjennom det sjølv er blitt Himmeldronninga.

Den tronande Maria kan synast å vera sentrum i framstillinga. Men det er ho ikkje. Maria er sjølv ein tronstol for den viktigaste figuren: Kristus Kongen. Mellom desse to framstillingane som kan lesast inn i Hovemadonnaen, den jordiske og den himmelske, ligg der ei tredje forteljing som me ikkje ser, men som likevel er der: Maria med den pinte og døde Kristus liggjande kvit og kald over dei same knea som sonen her sit på, i kunsten kanskje for mange i dag best kjent gjennom Michelangelos fleire hundre år yngre Pietà.

Dén døden og dén morssorga er ein føresetnad for framstillinga av Himmeldronninga og Himmelkongen. For det var Kristi offerdød som batt juleevangeliets mor og barn saman med dei majestetiske framstillingane av Maria med Kristus slik dei var framstilte i Vik. Det var slik menneska i mellomalderen kunne sjå den originale Hovemadonnaen i Hove steinkyrkje, og det er slik me i vår tid snart kan sjå den gjenskapte Hovemadonnaen i same kyrkja.

EIT HELGENSKÅP MED HIMMELSK PRAKT

Hovemadonnaen er mellom den fremste kyrkjekunsten me har bevart frå 1200-talet i Noreg. Med bakgrunn i den høge kvaliteten figuren har, er Hovemadonnaen i nyare internasjonal litteratur kalla «Ei diva frå Sognefjorden». Som det går fram av litteraturlista til denne artikkelen er Maria frå Hove også stendig behandla i nyare internasjonal forskingslitteratur på fagfeltet, ikkje minst i dei aller siste åra.

Den originale Hovemadonnaen kan ha vorte skapt i området ved Den engelske kanalen (nordvest-Frankrike/Flandern eller i søraust-England) i tiåra fram mot 1250, og ho stod opphavleg som midtparti i eit helgenskåp. Det har vore ei stor investering dei på Hove gjorde ved dette kvalitetskjøpet om lag 50 år etter at steinkyrkja deira kan ha stått ferdigbygd, og truleg kom helgenskåpet via Bergen til Vik og Hove kyrkje. Der stod Maria med barnet i omlag 600 år. I tiåra før eller etter 1840 vart så sjølve madonna-skulpturen sendt til Bergens Museum, i dag Universitetsmuseet i Bergen. Der er kunstverket no å sjå i Kyrkjekunstutstillinga.

BALDAKINEN GJEV SVAR

Det er baldakinen Maria sit under som fortel at Hovemadonnaen er del av eit helgenskåp. Ryggstykket har bevarte jarnhengsler etter flankerande, ledda fløydører som kunne lukkast rundt Maria med barnet. Fløydørene er no tapte, men skriftlege opplysningar frå 1823 og 1824 fortel at innsidene hadde framstillingar av dei 12 apostlane i relieff.

Desse var forgylte, slik midtpartiet med Maria og barnet framleis er det. På helgenskåp frå 1200-talet var utsidene av fløydørene ofte berre enkelt dekorerte og fargesette, kanskje i raudt og grønt. Når skåpet stod lukka, som i fastetida og adventstida, ville det såleis synast svært enkelt. Men når skåpdørene t.d. julenatt og påskenatt vart opna og skåpet stod i si fulle, gullbelagde breidde på nærare 2 meter, då såg ein inn i all himmelsk prakt, ja, inn i det himmelske Jerusalem, med Kristus Kongen og mora Maria som sentrum.

Slik var skåpet i fleire hundre år med på å synleggjera kyrkjeliturgiens årssyklus for folk i Vik, vikjene, med årvisse overgangar frå faste og innadvent kontemplasjonstid til kyrkjefest og utadvent feiringstid. Truleg stod Mariaskåpet på hovudaltaret i Hove like til 1680-åra, då kyrkja i fylgje kyrkjerekneskapa fekk ny, barokk altartavle til erstatning for det gamle «Munkeverk», altså den katolske altar-utsmykkinga.

Skåpdørene med apostelfigurane forsvann snart frå Hove, men Maria med barnet vart verande og stod i 1820-åra plassert under preikestolen. Venteleg var det frå denne plasseringa Hovemadonnaen i tiåra etterpå vart henta inn til Bergens Museum. Kanskje var det for å tilpassast høgda under preike-stolen at fotpartiet på skulpturen ein gong vart saga av? Dette må i alle fall ha skjedd før også baldakinen vart fjerna frå Hove, sidan baldakinryggen Maria sit inn mot har same kutthøgde som sjølve Maria-skulpturen.

3D-SKANNING GJORDE PROSJEKTET MOGELEG

Vik i Sogn er, saman med Gran på Hadeland, dei einaste norske bygdene med to framleis bevarte mellomalderkyrkjer, og berre i Vik står ei stavkyrkj (Hopperstad) og ei steinkyrkje i same bygd og med ein innbyrdes avstand på berre vel ein kilometer. Mellomalderen kjem oss såleis nær i Vik. Til dette medvitet høyrer også Hovemadonnaen. (Både Hove steinkyrkje og Hopperstad stavkyrkje er eigd av Fortidsminneforeininga)

Det har i lang tid vore eit ynskje i Vik om å få Hovemadonnaen attende til bygda, men dei fleste vikjer innser at originalen no har det best på museum. Den meir realistiske tanken om å få ei nyutgåve av Maria frå Hove attende til bygda vart derimot til ei målsetting. Ein ideell, frittståande og lokalt forankra «Hovemadonnakomité» vart oppretta i Vik, ein komité som i dei siste tiåra har arbeidd med å skaffa og sikra økonomi, fagleg forankring og høg kunstnarleg handverkskvalitet for prosjektet.

Særleg i dei siste åra har komiteen også hatt eit nært samarbeid med Universitetsmuseet i Bergen og ikkje minst med Fortidsminneforeininga, som komiteen etter 2018 har vore ein del av. I 2016 var økonomien såpass sikra at Hovemadonnakomiteen våga å setja prosjektet i gang. Samtidig gjorde ny teknologi med 3D-skanning det råd å kopiera den originale Hovemadonnaen utan å vera i direkte kontakt med originalen, og Universitetsmuseet kunne difor tillata eit kopieringsarbeid. Tidlegare, når eit slikt arbeid føresette direkte kontakt med den måla overflata på originalen, hadde prosessen ikkje late seg gjennomføra på grunn av fare for skader på originalen.

EIKESTOKK FRÅ VESTFOLD BLE MARIA MED BARNET

Mellom februar 2017 og oktober 2020 kunne gjenskapingsarbeidet gjennomførast, fyrst med skanning av originalen i Bergen med innleigd fagekspertise frå Vikingskipsmuseet, Kulturhistorisk Museum, Oslo, og deretter med treskjering og polykromering, altså fargesetting utført av Trekjærer-verkstedet AS.

Med utgangspunkt i ein eikestokk frå Vestfolds skogar kunne Maria med barnet varsamt hentast fram. Men den nye Hovemadonnaen har også fått nyskapte delar der den originale no har sår, manglar og falma fargar. Hovemadonnakomiteen har heile tida hatt som målsetting at arbeidet med ein replika også skulle omfatta ei komplettering, bygd på kunsthistorisk kunnskap og faglege vurderingar, i høve til originalen slik han no står med sår og skader.

Samarbeidet med Universitetsmuseet i Bergen rundt denne fagkunnskapen har såleis vore vesentleg. Den nye Hovemadonnaen er vår tids kunnskapsbaserte freistnad på ei gjenskaping slik originalen kan ha stått på 1200-talet som ny i helgenskåpet i Hove kyrkje. Utforminga av fløydørene veit me derimot for lite om til at også dei kunne inngå i gjenskapingsprosessen.

Takk til alle som har gjort forsøket på ei gjenskaping av Hovemadonnaen mogeleg. Takk til kvar enkelt som har bidrege med pengegåver, med forsking, med forming og med idealisme og dugnadsånd. Særleg bør kunsthandverkarane ved Treskjærer-verkstedet framhevast. Dei som henta Maria og sonen hennar fram frå eikestokken var dels meisteren Boni Wiik sjølv, dels læresveinane hans Johan Tørris Fleischer (1994–2020), Øystein Lønvik og August Horn.

Dei som ved polykromering og kontrollerte penselstrøk har gjeve skulpturen fargar og uttrykk er fyrst og fremst konservator Nadine Huth, men også medhjelparen hennar Lara Domeneghetti. Den nye Hovemadonnaen er eit storverk frå kunsthandverkarane si side.

EIT MELLOMBELS OPPHALDSLØYVE PÅ VEGEN MOT VIK

På grunn av den usikre koronasituasjonen i oktober 2020 då den nye Hovemadonnaen vart overlevert, valde Hovemadonnakomiteen i samråd med Fortidsminneforeininga å tilby Universitetsmuseet i Bergen å stilla ut vår tids Hovemadonna til ho våren 2022 skal overførast til Vik og Hove kyrkje. Difor kan du no sjå den nyskapte Maria med barnet utstilt i den kulturhistoriske avdelinga ved Universitetsmuseet i Bergen. Der får du også presentert gjenskapingsprosessen.

Kyrkjekunstutstillinga «Forvandling», som i januar 2019 vart opna ved Kulturhistorisk museum i Oslo, set mellom anna fokus på endringa frå nye og strålande kyrkjekunst-gjenstandar i mellomalderen til patinerte og skada kyrkje- og museumsgjenstandar i dag. Den mindre utstillinga «Gjenskaping» ved Universitetsmuseet i Bergen fokuserer på den motsette prosessen: frå ein skada og ufullstendig bevart mellomalder-skulptur, gråna gjennom hundrevis av år, til ei gjenskapt utgåve med alle sine sterke fargar og blenkjande «bling»-karakter. Ei utgåve slik me på fagleg grunnlag trur at den originale Hovemadonnaen kan ha stått som ny og strålande i Hovekyrkja på 1200-talet, om enn skåpdørene manglar i vår tids utgåve.

Men akkurat slik som vår tids madonnafigur no står har nok den originale Hovemadonnaen aldri stått, for i nokre detaljar har me utvilsamt teke feil i tolkinga vår. Likevel må hovudinntrykket vera heilt rett, og feiltolkingane er forhåpentlegvis små og få.

VELKOMEN TIL FEST I VIK I MAI 2022

Sjølv om det er flott å sjå den nyskapte Maria med barnet i utstillinga ved universitets museet, så er det fyrst frå mai 2022 av at me kan oppleva den nye Hovemadonnaen i si rette ramme i Vik. I Hove kyrkje vil også den sterke fargesettinga som vår tids madonnaversjon har, og som originalen også hadde som ny, koma betre til sin rett. I eit lysmessig avdempa rom som ei mellomalderkyrkje vil sterke fargar ha gjeve karakter, og liturgisk lyssetting og kyrkjebygningens lysopningar vil ha påverka uttrykket Maria og son hennar får til ulik tid på dagen og året. Slik vil me venteleg også oppleva det i Vik.

I 2019 var Hove steinkyrkje ei storvegs jubileumsgåve frå Den norske stat til Fortidsminneforeininga i samband med at foreininga vart 175 år. I 2022 kan det kanskje seiast at det blir Vik som gjev den nye Hovemadonnaen til Fortidsminneforeininga – og til bygda sjølv. Kjem du til Vik ved Mariafesten 20. til 22. mai 2022, vil du saman med forventningsfulle vikjer og gode støttespelarar igjen kunna sjå Hovemadonnaen slik også menneska i mellomalderen venteleg kunne oppleva Himmeldronninga og Himmelkongen i Hove kyrkje.