Kalkingskurs Evanger prestegard hjå Gudrun og Halldis Folkedal

Publisert 10.04.2025

Det er mange hus rundt omkring som står på gamle steinmurar, og på dette kurset lærer du å kalka desse murane. Me kjem óg til å reparera mur/tetta hól med kalkmørtel.

Kalking av murte og pussa overflater er ein gamal teknikk som me gjerne vil slå eit slag for. Kalka murverk kan «pusta», dvs. at den er diffusjonsopen. Det sikrar at ein oppfukta vegg kan turka ut. Med klimaendringar får me eit fuktigare klima og difor meiner me at det er ekstra viktig å overflatebehandla murar med pustande materiale. Kalkmørtel er mindre trykkfast enn sementhaldig mørtel, men er meir elastisk. Me brukar østerskalk med framifrå kvalitet. 

På kurset kalkar me murane på dei to husa på Evanger prestegard. Kurset er eit samarbeid mellom Evanger prestegard og Fortidsminneforeininga Voss lokallag. 

Tid: Laurdag 21. juni klokka 10-16
        Sundag 22. juni klokka 10-16

Kurshaldar: Berit Bruvik. Berit er ein framifrå turrmurar og tradisjonshandverkar

Kursavgifft: 2000.-

Påmelding: Bruk vedlagt skjema. Vipps: Hordaland Fortidsforeining 942304

Hugs å ta med: Vernebriller, gode arbeidsklede og godt humør. Me satsar på godt sommarvér. 

Her finn du arrangementet på Facebook