Praktisk kurs i restaurering av vindauge

Publisert 11.12.2023

Har du eit gamalt vinduage som treng vøling? Då er dette kurset for deg. Me går gjennom korleis ein går fram for å vøle eldre vindauge av tre med kittfals.

Handverkarane på Ryfylkemuseet viser fram sine beste triks for å få gode resultat. Det blir også ei kort innføring i stilhistorie. Etter kurset skal du sjølv kunne restaurere eigne vindauge. Kurset er eit samarbeid mellom Ryfylke Bygningsvernsenter og Fortidsminneforeininga.

Målgruppe: Huseigarar, handverkarar og andre interesserte.

Tid: Fredag 12. januar - laurdag 13. januar kl. 09:30 - 16:00

Stad: Sand, Suldal (nærare beskjed blir gitt til deltakarane)

Pris og betaling: 2500,- inkludert lunsj, kaffi/te og forbruksvarer som linoljekitt, kritt, stifter samt trevirke. Betaling ved oppmøte eller faktura.

Påmelding: Påmelding innan 31. desember til bygningsvernsenter@ryfylkemuseet.no

Eventuelle spørsmål kan rettast til same e-post eller tlf. 40 18 36 02

 

Last ned invitasjon