Velkomen til søknadsverkstad: Redd eit hus!

Publisert 05.09.2023

Kor og korleis søke støtte til restaurering av kulturminne? Bli med på kurs i søknadsskriving 5. oktober.

Har du eit gamalt hus som treng omsorg? I oktober inviterer Ryfylke bygningsvernsenter og Fortidsminneforeininga, Ryfylke lokallag, til kurs i søknadsskriving. Her kan du lære om kor og korleis du kan søke om støtte til restaurering, og få gode råd på vegen. Program for kurset finn du på ryfylkemuseet.no og fortidsminneforeningen.no

Stad: Folkets hus, Sauda.

Tid: Torsdag 5. oktober, kl. 09:30 til 16:00

Pris og betaling: 250,- inkludert lunsj og kaffi/te. Betaling ved oppmøte eller faktura.

Påmelding og spørsmål: Innan 1. okt. via nett eller til e-post bygningsvernsenter@ryfylkemuseet.no. 

Har du spørsmål?
Kontakt: Simen Bie Malde
E-post: bygningsvernsenter@ryfylkemuseet.no
Tlf: 40183602

PROGRAM

09.30 – 10.00: Registrering og kaffi

10.00 Velkomen ved Grete Holmboe, leiar i Fortidsminneforeininga, FMF Ryfylke lokallag.

10.05 Kva kan Fortidsminneforeininga bidra med? Kva tilskotsordningar kan vera aktuelle? Ved Grete Holmboe.

10.30 Kva kan Rogaland fylkeskommune bidra med? Ved rådgjevar Øyvind Malmin, seksjon for kulturarv.

11:30 – 12.30 Lunsj

12.30 Kva kan Kulturminnefondet bidra med? Teams-møte med Kulturminnefondet ved Per Hilleren.

13.00 Spørsmål frå deltakarane.

13.30 Kva kan Ryfylkemuseet bidra med? Ved bygningsvernrådgjevar Simen Bie Malde, Ryfylke bygningsvernsenter.

14.00 Korleis finne historisk informasjon om huset ditt? Ved Kirsten Hellerdal Fosstveit, Museumstjenestene i Rogaland.

14.30 Kaffi

15.00 Ein huseigars erfaring. Ved Aud Hege Jørgensen.

15:30 Spørsmål/open diskusjon

16.00 Slutt

Det er satt av god tid til individuell hjelp og til samtaler rundt kaffikoppen.