Olsok-konsert i Torpo stavkyrkje
Publisert 28.07.2024
Billettpris er 250 kr og kan kjøpes ved inngangen
Konserten vil by på hovudsakeleg «Hallingspel» og spenne frå stille lydarslåttar til livlege danseslåttar. Utøvarane er tremenningar og stammar begge frå garden «Sørbøen» på Ål.
Ingunn Stræte (toradar/trekkspel) og Ingebjør Sørbøen Torsgard (Hardingfele) har mykje av dei same røtene som utøvarar av folkemusikken frå Hallingdal.
Kl.18 er det Gudsteneste med dåp og nattverd. Her skal Ingebjør og Ingunn også stå for musikken. Prest er Sven Giljebekken. Etterpå er det kyrkjekaffi i Kyrkjestugu.