Open dag ved Holdhus kyrkje
Publisert 17.02.2025
Som feiring av det omfattande vedlikehaldsarbeidet som Holdhus kyrkje har vore gjennom dei siste par åra, har Fortidsminneforeininga gleda av å invitera til
open dag ved Holdhus kyrkje laurdag 5. april kl.14-16
Den særeigne tømmerkyrkja var soknekyrkje i Hålandsdalen frå mellomalderen til 1890 og gir eit rikt innblikk i religiøse praksisar, liv og levemåte i bygdene omkring. I Holdhus kyrkje kan du gå opp på preikestolen frå 1570, ein av dei eldste som framleis er i bruk i Noreg, lese katekismetavla frå 1590 og studere madonnaskulpturen i sandstein frå 1400-talet.
Adresse: Hammarlandsvegen 31, 5640 Eikelandsosen
Opningstid: kl. 14–16, laurdag 5. april. Gratis inngang denne dagen!
Program:
Kl. 14:00 Musikk ved omvisar Terje Raunsgard og velkomst
Kl. 14:15 Ida Pettersen, dagleg leiar i Fortidsminneforeininga Hordaland avdeling, fortel om istandsetting av kyrkja og moglegheiter for frivillig arbeid knytt til formidling av kyrkja i 2025
Kl. 15:00 Omvisar Toril Hjartåker Hauge gir oss innblikk i mindre kjente sider ved historia til kyrkja.
Det blir kyrkjekaffi, te og noko å bite i.
Velkomen!