Restaurering av gamle vindauger
Publisert 13.01.2023
Kurset tek for seg praktisk vedlikehald og reparasjoner av gamle vindauger:
- Demontering, fjerning av gamal kitt, glas og maling
- Restaurering av beslag og treverk.
- Innsetting av glas, kitting.
- Montering av hengsel og beslag. Maling.
Det er ein fordel (ikkje krav) om kursdeltakarar har med eigne vindauger, og eigne reiskapar for øvingsformål.
Kursarrangøren kan skaffa øvingsobjekt, når deltakar ber om det ved påmelding.
Instruktør: Anders Slinning, 28 år, bur i Sogndalsdalen. Han har m.a. arbeidd tre år på Ornes Båtbyggeri, og har nyleg restaurert vindauger i Stedje kyrkje i Sogndal og Munthe-huset i Luster. Jfr. oppslag i Sogn Avis.
Tid: laurd. 25. og sund. 26. mars, kl. 10.00 - 16.00 begge dagar
Sted: Fortidsminneforeininga si eigedom «Gamlebanken» på Lærdalsøyri
Påmeldingsfrist: 1. mars. 2023
Det er plass til 10 deltakarar, så førstemann til mølla! Kurset kan verta avlyst dersom færre enn 8 deltakarar melder seg.
Kursavgift: 1000 kr. Det inkluderer matservering: m.a. lunch to dagar, kaffimat og drikke.
Påmelding: Ottar Wiik i Fortidsminneforeininga Sogn lokallag. E-post: ottar.wiik@sogn.no. Tlf. 93430069
Ta kontakt om du/de har spørsmål. Detaljert dagsprogram vert sendt påmelde deltakarar innan 1.3.