Her smir me for framtida!

Publisert 05.12.2024

Håndverk som fengjer alle aldrar

Engasjementet for smedarbeid er stort i Ryfylke. Gjennom dei siste fem–seks åra har frivillige i og utanfor Fortidsminneforeningen klart å byggja opp eit heilt miljø rundt dette viktige handverket. Og best av alt: Aktiviteten fengjer hos dei unge!

Tekst: Grete Holmboe, leiar Ryfylke lokallag. Artikkelen er frå Fortidsvern nr 4-2024 og tar pulsen på aktiviteten i eit av Fortidsminneforeininga sine lokallag.

Me smir i Ryfylke for tida. Det har me gjort sidan me starta i smia heime hjå Jan Gunnar Helmikstøl i 2017 på Heia i Strand. Med unnatak av pandemien har me hatt open smedsamling i november kvart år sidan som har samla rundt 30 unge og gamle, kvinner og menn. No ønskjer me å bygga opp eit smedmiljø og nord i regionen.

Ryfylke lokallag er eit av fem lokallag i Rogaland som følgjer områda til dei fem regionmusea. Ryfylkeregionen omfattar fastlandet frå Stavanger og Sandnes i sør, til og med Sauda i nord og øyane i vest.

Smedsatsinga starta i sør, heime i smia hjå Jan Gunnar Helmikstøl på Heia i Strand. Han er med i lokallagstyret og er ein ressurs på så mange felt, særleg på tradisjonshandverk. Me visste det var interesse for å smi, men blei overvelda av kor stor interessa var. På den første samlinga kom dei frå heile Rogaland og ville vera med. Her var det flinke hobbysmedar og dei som aldri hadde smidd før. Me kallar det samling, ikkje kurs. Tanken er at dei som kan noko hjelper nybegynnarane i gong. Elles lærar ein av kvarandre. Her er der alltid noko å henta.

Opererer med venteliste

Samlinga leggast til ein laurdag i november, og me brukar heile dagen. Deltakarane har med seg det dei måtte ha av utstyr. Elles har me til utlån. Deltakaravgifta er kr 500 (kr 300 for medlemmer i foreininga), dette dekker materialutgifter. Etter første samlinga var det fleire deltakarar som meldte seg på til neste samling året etter. Me tek påmelding, men meir enn 30 til saman kan me ikkje vera. Me opererer såleis med venteliste.

Etter kvart har me fått tilgang på ein reiskapshall på Heia, der samlinga har vore dei siste åra. Her er det tak over hovudet og stort uteområde. Me har rastebord til kvile og prat, bålpanne og kaffi på svartkjel. Asbjørn Norland kokar poteteter, kvernar dei på staden og steiker potetkaker på hedla. Slikt skaper god stemning. Her er det tid og rom for kaffidrikking og den gode praten. Mange i lokalmiljøet kjem oppom for å få sjå og få det heile med seg.

På første samlinga på Heia hadde me to private gassesser og to kolesser. Etter kvart har me fått tilskott frå Strand kommune og Gjensidigestiftelsen til å kjøpa eige utstyr. Dette lånar me ut til interesserte elles i året, eller folk kan komma til hallen.

Smedmiljø og nord i regionen

Smedsamlingane på Heia blei etter kvart sprengt. Me har sett at der er ei viss smedinteresse også nord i regionen. Fleire av desse har vore med på samlingane i sør. No har me lukkast å få til eit samarbeid med Bygningsvernsenteret ved Ryfylkemuseet om å bruka lokala deira ved verkstadhallen på Sand. Suldal kommune og Sparebankstiftelsen Sauda har løyvd pengar til esser og anna smedutstyr som skal ha fast plass på Sand.

Me starta opp før sommaren i år med nokre av dei som har vore med på samlingane på Heia. Nokre av dei har brukt smia i heile sommar og laga mykje fint der. Dei hadde og rigga og gjort klar til open samling ein laurdag i oktober. I starten blir dette vår ressursgruppe.

På samlinga i november var me ni deltakarar og seks hjelparar frå ressursgruppa, så alle fekk god hjelp til å komma i gong. Det blei laga knivblad, dørhandtak og krokar av alle slag. Deltakarane skrytte over ein gild dag, så dette ga meirsmak.

Me ønskjer no å bygga opp eit smedmiljø rundt denne smia på Sand som kan vera for dei som soknar nord i regionen. Når me veit det er folk frå ressursgruppa til stade, vil me senda ut ei melding til dei som har meldt interesse. Dei som ønskje å vera med i denne smedgruppa må melda seg inn i Fortidsminneforeininga. Og så må dei kosta gassen dei brukar og elles bidra med skrapjern og halda orden.

Smedprosjektet inspirerer dei unge

Kulturminnevern er omfattande. Her er det bruk for kompetanse på så mange felt. Lokallaget i Ryfylke er kanskje i overkant opptatt av tradisjonshandverk. Det har å gjera med dei ressursane me har i styret og i medlemsflokken. Me jobbar også med vernesaker og uttaler så langt me strekk til, men det er tradisjonshandverket me brenn for og gir oss lyst til å halda fram. Me vil vera med å heia fram unge til å ta handverksutdanning og me vil heia fram dei som satsar på tradisjonshandverket.

Vårt litle bidrag kan vera å så det frøet som skal veksa og spreia gleda over å meistra. Me gler oss over ungdommen på Heia som fekk overta smia til ein kar som såg kor ivrige han var. Og me er aldri så lite stolte over Ivar som har vore med oss sidan han var 12, og no er tømmerlærling. Det er kjekt når Robert har fått seg kolesse heime og lagar dei flottaste saker han sel på vikingmarknadar. Det er blitt ei lita attåtnæring. Fleire av våre deltakarar leverer hengsler, krokar og beslag til restaureringsprosjekt i regionen.

Smedprosjektet er ein god innfallsport til andre tradisjonsfag, og ein døropnar for nye medlemmer til Fortidsminneforeininga.