Ja eller nei til riving av Sølvvarefabrikken i Bergen
Publisert 17.03.2020
Publisert 17.03.2020
«Høve til å visualisere historisk anlegg»
Av arkeolog Alf Tore Hommedal
Bergen bystyre vedtok i januar 2020 å kjøpe Kaigaten 1 for å oppfylle gjeldande reguleringsplan der bygardane frå ca. 1900 er regulerte til riving. Den eine bygningen har lang brukstid som sølvvarefabrikk, den andre som bustad. Sjølv om reguleringsplanen var kjend, kjøpte eigedomsutviklarar bygardane i 2015 med planforslag om å byggje dei om til kontor- og næringslokale, t.d. restaurantar.
Når debatten om bygardanes skjebne igjen har blussa opp, har dette samband med at dei to murhusa ligg på tomta til Nonneseter klosterkyrkje frå mellomalderen. Dei ligg kilte inn mellom to bevarte og freda bygningsdelar frå klosterkyrkja: tårnfoten og eit korkapell, begge seinare delar av Lungegården hovedgård. Tårnfoten frå ca. 1130 er den eldste ståande bygningen i Bergen og nesten like gamal som byen sjølv.
Bør staden for Noregs mektigaste kvinnekloster i høgmellomalderen byggjast om til privat næringsbygg med kontor og restaurantar? Eller skal området, med noko så eineståande som restane av eit nonnekloster i ein norsk mellomalderby, opnast opp, formidlast og vere identitetsskapande for nye generasjonar? Korleis skal vi ta vare på og synleggjere mellomalderminna våre i eit pressa byrom? Dette er kjernen i debatten om Nonneseter.
«da eierne fordrede grunden ryddigjort snarest mulig»
Den noverande bygningskombinasjonen oppstod etter at Lungegården brann i 1891. Det monumentale anlegget som hadde lege der i nærare 800 år, først som Nonneseter kloster til 1528 og deretter som Lungegården, vart synsmessig mest radert ut av Bergens bybilete.
Etter brannen vart anlegget selt til eit «konsortium» som ville oppføre bygardar på staden etter at også «klosterets rester» var blitt rivne. Dette var før slike mellomalderrestar automatisk vart freda, og det såg ei tid stygt ut også for tårnfoten og kapellet. Den bergenske filialafdeling av Fortidsminneforeningen (FMF) fekk kjøpt klosterrestane. Alt i 1877 hadde FMF fått tilbod om å kjøpe for kr. 12.000, men hadde då måtta avslå på grunn av den høge summen. Til jamføring vart Hopperstad stavkyrkje i 1880 kjøpt for kr. 600.
Etter brannen i 1891 vart situasjonen derimot dramatisk, og FMF måtte redde det dei kunne. Ved innsamlingar og lån skaffa FMF midlar til å sikre seg tårnfot og kapell, og ved å avgrense grunnarealet maksimalt vart kjøpssummen kr. 6.842,50. Det mellomliggjande arealet, for skip og kor i klosterkyrkja, var tapt. Parallelt med forhandlingane om kjøp fekk FMF lov til å gjennomføre ei arkeologisk utgraving av kyrkjetomta. Den for si tid godt dokumenterte utgravinga vart gjennomført «med saa meget hurtighed, som man af hensyn til arbeidets art turde, da eierne fordrede grunden ryddiggjort snarest mulig». Hovudforma på klosterkyrkja vart dokumentert ved mur- og golvrestar. Likeins vart det funne lause bygningsfragment, mengder med graver ogsmåfunn som myntar, skriveutstyr og spelebrikker, i tillegg til gulltråd, fingerbøl og ulike typar nåler for brodering. Dei samla gjenstandsfunna er i dag ved Universitetsmuseet i Bergen og fortel om levd liv både i klostertida og i herregårdstida.
Eit antikvarisk antikvarsyn?
Etter oppføringa av dei to bygardane, har det visuelle heilskapsinntrykket og medvitet om Nonneseter klosterkyrkje / Lungegården vore vekke frå byrommet. For kven ser og forstår i dag at tårnfoten og kapellet er delar av eit stort, samanhengande kyrkjebygg? Og kven forstår at Lungegården var så dominerande og identitetsskapande at han gav namn til Store og Lille Lungegårdsvann? Bergen har no eit historisk høve til på nytt å visualisere det historiske anlegget. Målet bør vere å opne opp rommet for slik å synleggjere anlegget der tårnfot og kapell låg som ytterpunkt i nord og sør. Målet må vere å gjenetablere medvitet om anlegget som låg der i 800 år.
Det er liten sjanse for at der på kyrkjetomta framleis ligg originale bygningsspor og kulturlag. Truleg vart alle restar rydda vekk etter den arkeologiske utgravinga eller ved fundamenteringa for dei nye bygningane. Men dokumentasjonsmaterialet frå utgravinga er slik at vi kan rekonstruere grunnkonturane av klosterkyrkja. Bygningsrisset av Lungegården vil også kunne gjenskapast. I rekonstrueringa vil ein kunne utfordre arkitektar og formidlarar til nytenking ved bruk av vår tids formspråk og materialar. Bergen vil kunne få eit blikkfang i formidlinga av staden der kontemplative nonner levde og bad i fleire hundre år og der det no ligg eit kulturminnet av nasjonal og internasjonal verdi.
Vedtaket Bergen bystyre har gjort, handlar altså ikkje om å grave fram nok ein ruin, for den finst sannsynlegvis ikkje. Poenget er at det er no vi har sjanse til å skape eit byrom som set fokus på to identitetsskapande institusjonar i Bergens historie. Det har vore hevda at ei riving for å framheve kloster- og herregårdsrestane er å «reinske» kulturminnet, og at dette er eit forelda antikvarisk vernesyn. Men dersom sølvvarefabrikken skal vernast: er det då meir i samsvar med dagens vernesyn å tillate «reinsking» og riving av interiøret, og då ikkje berre sekundære tilføyingar, men originale parti i ein fabrikkontekst? Ei ombygging til kontorkompleks eller restaurant føreset truleg så store endringar at berre det eksteriørmessige skalet vil stå att.
Vern gjennom bevaring, med så få endringar som mogeleg, må – og skal – vere eit hovudprinsipp innanfor kulturminnevernet. I nokre andre land ville bygardane etter vernetradisjonen deira truleg bli ståande. Men vi skal følgje norsk vernetradisjon, og i nokre tilfelle må ein prioritere og velje. I Gamlebyen, Oslo, vart t.d.Loenga bru i 1996 riven for å hente ruinen av Clemenskyrkja frå 1100-talet fram frå eit skjult, inneklemt ogkummerlig tilvære under brua. I dag inngår ruinen, som er mellom dei eldste kyrkjerestane i Oslo, i ein ruinpark som formidlar mellomalderbyen på ein verdigare måte. Å forvalte slike tilretteleggingar er krevjande. Difor føreset ei visualisering av klosterkyrkja og herregården i Bergen klare, framtidige krav til tett oppfølging og vedlikehald, betre enn dagens skjøtsel av minnehallen for krigens ofre i tårnfoten. Først då får ein ei verdig formidling av kloster og herregård.
Kulturminne i eit pressa byrom
Regjeringa har sett i gang arbeidet med ei ny stortingsmelding om kulturminnepolitikk. Sentrale tema er nettopp dei utfordringane kulturminne og kulturmiljø står overfor i ei tid med endringar innafor t.d. urbanisering og demografi. I ein slik samanheng kan ei synleggjering av kulturarven ved Nonneseter nyttast til å skape dialog og identitet, og gjennom det eit fellesskap og samhald som aktivt kan knytast til vår tids urbane utvikling. Vi lever i ei globalisert og fleirkulturell tid. Bergensarar som reiser ut, besøker gjerne «eksotiske» kulturminne som kloster, og for dei fleste synest slike anlegg som noko framandarta. Men det er dei ikkje! Kloster er ei institusjonsform som i Bergen nesten er like gamal som byen sjølv! Nonneseter står i tillegg sentralt i norsk kvinnehistorie. Mange av våre nye landsmenn kjem frå kulturar der klosterliv er ein del av livets mangfald. Ei visualisering av kulturminnet Nonneseter vil i vårt fleirkulturelle samfunn vere med på å gjenoppdage røter for «gamle» nordmenn, så vel som å feste røter for «nye» nordmenn.
Premissen for vernedebatten må vere det nasjonale ansvaret Bergen har for på ein verdig måte å forvalte den unike kulturminneskatten eit kvinnekloster frå mellomalderen er. Det er no Bergen har sjansen til å skape eit ope urbant landskapsrom på Nonneseter der fortid, notid og framtid kan bindast samen. Då vil dei bevarte bygningsdelane ikkje lenger liggje inneklemde og gløymde i eit av Bergens mest trafikkerte område. Dei vil framstå som lettare tolkbare kulturminne frå eit 400 år langt klosterliv og eit nesten like langt herregårdsliv. I ferdselsknutepunktet vil eit større byrom gjeva luft, opplevingar og kunnskap, der både Nonneseter og Bergen bibliotek vil vera delar av opplevingsrommet. Eit slikt ope byrom med ei historisk forankring vil verke positivt inn på kvardagen til menneska. Ønskjer vi eit levande og kulturelt sentrum for framtida, må vi sjå ut over kortsiktige økonomiske næringsinteresser. Det er no vi har sjansen til å ta dette verdivalet for framtidas generasjonar. I ettertid vil dei fleste venteleg vere glade for at Nonneseter synleggjer gode og særeigne «røter», både for oss og for etterkomarane våre.
Litteratur :Bendixen, B. E. 1893: Nonneseter klosterruiner, Foreningen til norske Fortidsmindesmærkers bevaring, Bergen 1893.
Hommedal, A.T, forthcoming: Coins and monastic liturgy in the Middle Ages. St. Mary’s Benedictine Nunnery in Bergen, Norway, i S.H. Gullbekk, C. Kilger, H. Roland, S. Kristensen (red.), Coin Finds in Churches: Money and Religious Devotion in Medieval Northern Europe, Routledge (forthcoming).
Lidén, H.-E. og E.M. Magerøy 1980: Norges kirker. Bergen Bind I, Oslo 1980.
Ommundsen, Å. 2016: «To kongar, to dronningar og eit nonnekloster i Bergen», i (Norsk) Historisk Tidsskrift, 95 (2016), 7-33
Tryti, A. E. 1987: Kvinnenes stilling i klostervesenet, i Årbok for Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, vol. 141, 1987, 187-208.
«Sølvvarefabrikken er et viktig kulturminne»
Av arkitekturhistoriker Trond Indahl,
Nonneseter kloster i Bergen ble bygget på 1100- og 1200-tallet på et nes i nordenden av Store Lungegårdsvann like sørøst for byens sentrum. Like ved var Strømmen, den smale passasjen inn til Lille Lungegårdsvann. Området som klosteret ble bygget på, har gått gjennom en rekke omfattende endringer gjennom århundrene, endringer som speiler Bergens utvikling fra middelalderen til i dag.
Den første perioden er Klosterperioden, med et blomstrende nonnekloster med kirke. Klosteret forfalt på 1400-tallet, og ble tidlig på 1500-tallet bygget om til residens for riksråd Vincens Lunge. Dette innledet Herregårdsperioden. Gården fikk navnet Lungegården og ga navn til området og til vannene som kranset bygningsanlegget. Vi vet ikke så mye om Vincent Lunges residens, men i 1724 ble denne bygningen revet sammen med restene av klosterkirken og erstattet av et stort enetasjes barokkpalé i tre. Bygningen hadde U-plan med framstikkende sidefløyer på hovedfasaden mot nordøst.
Av det gamle klosteranlegget ble bare den nedre delen av kirkens tårn og et korkapell bevart. En rekke rike bergensfamilier bodde i Lungegården på 1700-tallet og fram til 1843. Så ble området innhentet av byutviklingen, og Lungegården ble industriområde. Beliggenheten ved Strømmen ga gode muligheter for etablering av industri. I 1850-årene ble det etablert bomullsveveri i herregårdsbygningen, og snart kom det gassverk rett utenfor hovedfasaden. Så fulgte damphøvleri, skjortefabrikk, dampbakeri, fargeri og mye annet på området.
Lungegården brente
På fotografier fra 1880-årene ser vi barokkpaléet omgitt av industribygninger. Vi kan ane klosterkirkens tårnfot på høyre (nordvestre) side, mens korkapellet er gjemt bak to nye små leiegårder på venstre (sørøstre) side.
Så brente Lungegården i 1891, og etter brannen ble det anledning til å dokumentere restene etter klosterkirken. Arkitekt Peter Blix hadde foretatt undersøkelser på tomten allerede i 1872 og påvist noen av klosterkirkens murer, men nå som barokkbygningen var borte, ble det anledning til å avdekke grunnmurene til hele kirken. Arkitekt Schak Bull ledet disse utgravningene, og det ble funnet skjeletter og en del løsfunn, blant annet mynter, som ble overlatt Bergens Museum.
Kirkemurene ble fjernet etter utgravningene, og hele rapporten med tegninger ble trykket i 1893 som vedlegg til Fortidsminneforeningens årsberetning for 1892. Her kan vi se hvordan klosterkirkens skip har strukket seg mellom Tårnfoten i nordvest og med et kor ved siden av det fortsatt stående korkapellet i sørøst. Fortidsminneforeningen overtok kapellet og tårnfoten. Branntomten ble så brukt til industribygninger og en liten leiegård. Et interessant foto fra 1892 viser den nyoppførte leiegården Kaigaten 1 D og en ryddet byggetomt for nr. 1 C. Her ble Christopher Rogges Skofabrikk oppført i 1890-årene i to byggetrinn, tegnet av hhv. Schak Bull (som hadde ledet de første utgravningene) og Jens Z. M. Kielland. Skofabrikken er oppført i pusset tegl i to etasjer og med to enkle gavler symmetrisk plassert ut mot Kaigaten, på samme måte som den brente herregården var plassert. Få år etter dette fikk skofabrikken en ny nabo rett utenfor vinduene: Byens gassverk ble erstattet av en ny, stor jernbanestasjon, tegnet av samme arkitekt som hadde tegnet skofabrikkens 2. byggetrinn: Jens Z. M. Kielland.
Brødrene Lohne
Lungegården fortsatte som industriområde. I 1934 etablerte skofabrikken seg i en ny, stor bygning rett bak bygningen til Kaigaten, og Brødrene Lohne innredet sølvvareverksted i Kaigaten 1 C. Alf og Johan Lohne hadde etablert sitt verksted i 1921, og leverte gjennom mange år en betydelig produksjon av gullsmedkunst: Pokaler, vaser, begre, bestikk og mye annet. Verkstedet ble drevet her til 2011.
I 2. halvpart av 1900-tallet ble industrivirksomheten gradvis avviklet, og Lungegårds-området gikk inn i nåtidsperioden, som er dominert av kjøpesenteret Bystasjonen, i tillegg til kontorblokker, busstasjon og parkeringshus.
Situasjonen i dag: «Sølvfabrikken» og sidebygningen er kjøpt av private investorer, som ønsker å rehabilitere og bruke bygningene til forretninger og kontorer. Men Byrådet i Bergen ønsker å kjøpe bygningene for 50 millioner kr., rive «Sølvvarefabrikken» og lage en «middelalderpark» på tomten: En liten, åpen plass mellom tårnfoten og korkapellet, under en fem etasjers høy murvegg, den tidligere skofabrikken som nå er en del av Bystasjonen.
Jeg synes at «Middelalderparken» er en dårlig idé av flere grunner:
Et slikt tomrom der klosterkirken sto, er et kunstig grep, og kan ikke fortelle noe om hvordan klosteret så ut. Å la tårnfoten og korkapellet bli stående som helt frittstående bygninger, er en uhistorisk situasjon. På 1800-tallet hadde man en antikvarisk praksis der en rev nyere «forstyrrende» elementer for å isolere middelaldermonumentene. Dette er en tenkemåte som for lengst er forlatt i fagmiljøet. På tomten kan man få markert hvor deler av kirkemurene var i middelalderen, men det er umulig å markere resten av klosteranlegget (Jeg regner med at man ikke tenker seg å rive store deler av kjøpesenteret Bystasjonen for å få til dette). Det er meget tvilsomt om man finner noen murrester fra middelalderen på tomten hvis bygningene fra 1890-tallet blir revet. Kirkegulvet lå i hvert fall en meter høyere enn gulvet i 1. etasje i Sølvvarefabrikken. 1890-tallsbygningene er fundamentert dypt i bakken. Den lille leiegården har kjeller, og skofabrikken og den senere sølvvarefabrikken med sitt tunge maskineri krevde solide fundamenter.
«Sølvvarefabrikken» er et viktig kulturminne. Bygningen er godt bevart og den er et sjeldent eksempel på bevart industriarkitektur i Lungegården-området. Og den er et viktig minne om gullsmedkunstens historie i Bergen. Helt siden Hansa-tiden for 500 år siden har Bergen vært et sentralt produksjonssted for gullsmedkunst, gjenstander som har hatt stor betydning symbolsk og økonomisk i privat og offentlig liv. Brødrene Lohnes Sølvvarefabrikk var et viktig verksted gjennom mesteparten av 1900-tallet.
Det er viktig å formidle historien om Nonneseter kloster. Tårnfoten og korkapellet må gjøres mer synlig. Det må ryddes opp rundt disse bygningene, og skilting og annen informasjon må bli bedre. En mulighet kan være å bruke 1. etasje i «Sølvvarefabrikken» til et visningssenter for Nonneseter kloster, markere hvor kirkemurene har gått og knytte dette til de bevarte middelalderdelene.
Det er galt og inkonsekvent å rive et kulturminne for å markere et annet. Det går ikke an å rive for å bevare. Takk for gode innspill fra mine venner i Antikvarisk Utvalg, Fortidsminneforeningen Hordaland avdeling.