Norsk stølskultur kan bli verdsarv
Publisert 21.10.2022
Publisert 21.10.2022
Tekst og foto: Nina Espeseth Grønbrekk, leder for Verne-Vøla lokallag i Fortidsminneforeningen. Artikkelen er publisert i Fortidsvern 3-2022
Sidan 1996 har Katharina Sparstad drifta stølen i Sanddalen i Vang i Valdres. Her vidarefører ho kunnskap om den daglege drifta som tanta til far hennar, Olga Sparstad, forvalta før henne.
– For kvart år eg driv her, kjennes det meir og meir viktig. Her er det kroppen min og veden, i tillegg til sola, klorofyllet og beitedyra, som er energikjeldene, seier Katharina, som er opptatt av ressurs- og berekraftsperspektivet i stølsdrifta. Her finns nemleg ingen dur frå aggregat verken til mjølking eller foredling. Den gamle peisen med ringomn og ostebua i selet (seterhuset) er med på å legge tilhøva til rette for seterdrift utan straum.
Funksjonelle kulturmiljø
Husa og kulturmiljøet her er forma gjennom generasjonar, nettopp for denne drifta. Mellom anna er den gamle uisolerte ostebua bevart.
– Ostebua gjev oss perfekt klima for lagring av ost. Derfor er det eit bevisst val å ikkje isolere. Det ville vorte eit dårlegare klima for dei gode mikroorganismane, kan Katharina fortelja.
Steinfjøset skal vera oppført på 1930-talet. Før det tok budeia kyrne inn i selet etter tur, og mjølka dei der. Katharina viser oss kvar dei vart bundne fast til ein ring i veggen, noko som også er eit spor etter tidlegare drift. Solide steinmurar og steingjerder er elles ein del av kulturmiljøet her, saman med sel, fjøs og løer.
– Kulturminna fortel historier, og vi kan lære mykje av dei fysiske kulturminna. Alle har hatt, og mange har framleis ein funksjon. Samstundes er det viktig at bygg og innretningar fungerer for oss i dag også, slik at stølsdrifta kan leve vidare, poengterer Katharina.
Det har skjedd få synlege endringar på Sparstadstølen etter at den førre budeia ga seg på 1960-talet. Men i 2021 og 2022 har løa nede på jordet vorte bygd om til overnattingshus, med utedo som tilbygg. Her er det mogleg å leie overnatting for dei som vil oppleva stølslivet på nært hald.
Truga kulturarv
Sparstadstølen er ein av seks stølar i ei liten stølsgrend, som utgjer eit kompakt og serprega kulturmiljø i den vakre Sanddalen, på nordsida av Vangsmjøsa. Det er berre Sparstadstølen som blir drifta som støl, noko som illustrerer utviklinga i landet generelt. Ifølgje Seterpolitisk melding 2019, utarbeida av Alliansen ny landbrukspolitikk, var det i 2019 litt under 900 setre i bruk, under halvparten av talet i år 2000. Rundt år 1900 var det 100 000.
På heimesidene til Norsk seterkultur kan vi lesa at 40 prosent av seterbrukarane vurderer å slutte, eller er usikre på om dei vil drive seter i framtida, ifølgje ein spørjeundersøking gjort av AGRIanalyse i 2020.
For oss som oppheld oss i fjellet i dag, er stølslandskapa av stor verdi for sjølve opplevinga sin del. Med bygningsmiljø og kulturlandskap som kan gje oss kunnskap om historia og menneska som har brukt utmarksressursane før oss, og dyr på beite som held landskapet ope og variert, blir fjellturen rikare.
Valdres er den regionen i landet med flest stølar i bruk, og vi har derfor framleis moglegheit til å få slike opplevingar. Men kulturen heng i ein tynn tråd, og kunnskapen som trengst er i ferd med å gå tapt. Derfor jobbar Norsk Seterkultur, saman med Svensk Fäbodkultur, på spreng i desse dagar for å ferdigstille alt som skal til i ein UNESCO-nominasjon.
Erfaring, kunnskap og handling
Utan drifta og bruken av stølane gror landskapa, kulturminna og beiteressursane att, og det biologiske mangfaldet blir mindre. Det er derfor handlinga og kunnskapen er det viktigaste å løfte fram i søknaden til UNESCO, som jo altså gjeld immateriell kulturarv.
– Å drifte ein støl er mykje tyngre viss du skal finne ut av alt på eiga hand, og ikkje har nokon å lære av, reflekterer Katharina. – Det er mange ting eg gjer som eg ikkje tenkjer over. Kunnskapen sit i hendene, både når det gjeld mjølkestell, dyrestell, naturen og vêr og vind.
Koplinga mellom det immaterielle og det materielle er tydeleg. Den viktigaste kunnskapen på Sparstadstølen er den erfaringsbaserte og praktiske, den som ikkje alltid kan lesast i ei bok, men som må lærast. Samstundes kjem det truleg godt med å også ha teoretisk og byråkratisk innsikt, slik Katharina har.
Frå Teams-møte til brunostkoking
Oppe på stølen til Katharina Sparstad er det verken straum eller mobildekning. Derfor blir det nokre turar ned til bygda, og også på jobb på Fagernes. Då Fortidsvern sin utsendte kom på besøk, kom vertinna rett frå Teams-møte heime på garden nede i bygda. På stølen venta mysa til brunostkokinga. Katharina har nemleg full jobb i Valdres natur- og kulturpark (VNK), der ho er kulturrådgjevar, og der funksjonen som dagleg leiar i Norsk seterkultur inngår. I tillegg har ho den daglege omsorga for dyra heile året og stølen om sommaren. Katharina er klar på at det er ho som er «sjefen» på stølen, men ho er ikkje aleine om drifta:
– All respekt til mannen min, som er lærar, for at han finn seg i dette livet. Vi brukar heile sommarferien her, og står opp klokka seks kvar dag. Mannen min tar vertskapsrollen, og er veldig opptatt av formidlinga. Eg har ansvar for mjølking, ysting og anna foredling av mjølka, seier ho.
Ekteparet har open støl tre dagar i veka, med sal av rømmegraut, lappar og kaffi. I tillegg driv Katharina med keramikk, og har utsal på stølen av bollar, vasar, koppar og andre lekre saker. Ein kan jo undrast over korleis ho klarar å veksle mellom alle dei ulike oppgåvene og rollene.
– Budeietilveret krev at ein organiserer arbeidet på ein effektiv måte, tilpassa mjølking og anna dyrestell. Ein må kunne rutinane. Då får ein også små lommer gjennom dagen der ein kan slappe av litt, seier Katharina, som stortrivst med livet på stølen.
Dyra, maten og fjellet – i fortid og framtid
Det er mange sider ved stølslivet som gjer at Katharina og mannen Nils Kristoffer Indrehus held fram år etter år. Den eine handlar om berekraftig ressursbruk, og eit sterkt ønske om å ta vare på verdifull kunnskap – som i den grøne omstillinga bør bli meir og meir verdsett. Det handlar om det å vera i fjellet, tett på naturen. Det handlar om formidling av korleis ein kan produsere mat, på ein enkel og direkte måte. Det handlar også om dyrevelferd.
– Dette er dyra sitt univers. Det er dette dei er meint for, og her har dei det bra. Det er veldig gjevande, seier Katharina. I tillegg gjev arbeidet, husa og landskapet innsikt i ei anna tid:
– Eg føler at eg blir litt kjend med dei som har vore her tidlegare. Eg møter dei i døra rett som det er, og får tre litt inn i deira liv. Eg utfører mykje av det same arbeidet som Olga eller oldemora mi gjorde, og kjem litt nærmare dei. Eg må vurdere mange av dei same spørsmåla som dei gjorde i sin kvardag her. Fortida blir ikkje så mystisk.
– Men det viktigaste er kanskje den gode smaken av ekte stølsrømme og stølssmør, konkluderer Katharina på spørsmålet om kva som er drivkraften.