Vinnaren er kåra! Slik skal det kommande Urnes verdsarvsenter bli
Publisert 20.03.2022
Publisert 20.03.2022
Juryen hadde 124 innsende forslag å velja mellom og meiner at utkastet «Urneskilen» samsvarer best av dei alle med vurderingskriteria til konkurransen. Juryen har derfor einstemmig kåra dette bidraget som vinnar.
Vinnarutkastet og 2. og 3. premien vart offentleggjort ombord på MF Urnes, ferja mellom Solvorn og Ornes, den vesle bygda med den verdskjente attraksjonen Urnes stavkyrkje frå ca 1130. Ferja vart liggande midtfjords under seremonien, med utsikt til tomta der det nye besøkssenteret skal byggast og stavkyrkja på høgda bak.
Arkitektane bak vinnarforslaget «Urneskilen» er Lipinski Architects/A.C.B/Tobias Laukemann (København/Malmø).
Også arkitektane bak 2. premie og 3. premie var til stades og fekk skikkeleg applaus for bidraga sine: Workonland arkitektur og landskap (Oslo) med «En promenade i Urneshagen» og Arkitema Architects (Oslo) med «Veien til Urnes» (1).
I tillegg vart følgjande fem utkast innkjøpte: «Husi» (Vardehaugen/Bjørn Cappelen/Asplan Viak, Oslo), «Platå» Sando arkitekt/Studio Tenev, Tønsberg/Bergen), «On the way up» (Barila, København/Barcelona/Madrid, «Veien til Urnes» (2) (Lasovsky Johansson Arkitekter, København) og «Stavlegje» (Petersen/Øiern/Larsen/Gervais, Oslo).
FRA JURYEN RAPPORT
Etter en samlet vurdering finner juryen at konkurranseutkastet «Urneskilen» er det som har besvart konkurranseoppgaven på den beste måten, sett både ut fra juryens generelle og individuelle vurdering.
Juryens avgjørelse og anbefaling
Juryen mener at utkastet samsvarer best med konkurransens bedømmelseskriterier, og har enstemmig kåret «Urneskilen» som vinner av konkurransen. Juryen vil fremheve følgende punkter med «Urneskilen» som avgjørende for at forslaget ble utpekt som vinnerprosjekt:
Juryens anbefaling til det videre arbeidet
Løsningsforslaget «Urneskilen» svarer veldig godt på de fleste av oppgavens utfordringer. Juryen ønsker likevel å peke på utfordringer og forbedringspotensialer som må tas med i en videre bearbeiding av løsningsforslaget.
Juryen anbefaler at
SOGN AVIS: Dei fann den løysinga som viste minst att i landskapet: – Å gøyma blei viktig
Arkitektane bak vinnarutkasta, jurymedlemmer og inviterte gjester vart tatt med på vandring gjennom dette unike kulturlandskapet. Frå ferjeleiet i Ornes gjekk turen til fots opp til tomta der verdsarvsenteret skal byggast. Så venta stavkyrkja, som ingen av dei besøkande arkitektane hadde opplevd før.
Inne i stavkyrkja fortalde kunsthistorikar og styreleiar i Fortidsminneforeininga Margrethe C. Stang kort om historia til dette smykket av ei kyrkje, følgd av vakre tonar av folkesongaren Judith Vestrheim.
Etter seremonien ombord på ferja bar det til Walaker Hotel i Solvorn, til lunsj og taler av mellom anna Ivar Kvalen, ordførar i Luster, og jurymedlem Kjetil Trædal Thorsen frå arkitektkontoret Snøhetta. Vinnarane avslutta det heile med ein presentasjon av "*Urneskilen".
Gjennomføringa av arkitektkonkurransen er ein milepæl i arbeidet med å realisera Urnes verdsarvsenter. Stavkyrkja som har vore i Fortidsminneforeininga si eige sidan 1881, vart innskriven på UNESCOs verdsarvliste i 1979. Etter planen skal det nye besøkssenteret opna i 2024 - 45 år etter.
Sluttrapporten frå juryen med grunngivingar for Plan- og designkonkurranse for Urnes verdsarvsenter les og lastar du ned her: