59,7979054 5,6642625
Naustvikvegen 26, Halsnøy kloster, 5455

RESTAURERING AV HAUGASTOVA

Haugastova var den første folkehøgskulen på vestlandet og den tredje i Noreg. Han vart grunnlagt av Niels Juel og Wollert Konow og opna 1. oktober 1868. Før det vart folkehøgskule vart huset bl.a. nytta til paktarbustad for Halsnøy kloster godset. Huset er eit viktig lokalhistorisk bygg som står i fare for å forfalle heilt.

Kulturminner for allmennheten: 
Huset vil bli brukt som formidlingsarena for Venelaget for Halsnøy klostere, Sunnhordland Folkehøgskule og grunnskulane i Sunnhordland.

Kompetanseoverføring: 
Det vil bli skipa til kurs i å smi spiker. Kurset vil gå over 2-3 dagar i slutten av september 2020, på Halsnøy kloster. Deltakarar blir elevar frå VG1, Kvinnherad vidaregåande skule, ved Stein Sahr og elevar i 10. klasse Øyatun skule ved Bård Øvsthus, for å inspirere og rekruttere unge til å velje handverksfag i vidaregåande utdanning.

LES OM FLERE PROSJEKTER