Årsmøte Voss lokallag og føredrag/workshop
Publisert 17.02.2026
Vil du læra meir om eldre høvlar?
Sundag 1. mars kl 14 inviterer Voss Folkemuseum til workshop med tradisjonshandverkar Peter Helland Hansen i verktøyutstilliga Frå skog til drake.
Du får vita meir om høvelen si rolle innan handverk: om høvlar til ulike formål som pusshøvel, staffhøvel, suhøvel med meir. Dessutan vert det demonstrasjon av oppsetting av høveltanna med slipestein og bryne-demonstrasjon.
- Høvelen er litt som eit instrument som må stemmast for å fungere skikkeleg, seier Peter.
Du får sjå bruk av ulike høvlar og arbeidsteknikk. Det blir høve til å stille spørsmål og nokon blir med i høvlinga!
Peter arbeider til dagleg som småbåtbyggar og formidlar på Hardanger fartøyvernsenter. I tillegg til utøving har han gjennom mange år jobba med dokumentasjon og formidling av handverk. Mellom anna gjennom å arrangere årlege verktøyseminar der deltakarane byggjer sin eigen høvel.
Gratis inngang for medlemmer i museet og i Fortidsminneforeinga Voss lokallag. Elles ordiner billettpris kr 125 (student 75).
Etter workshop ynskjer Fortidsminneforeininga Voss lokallag vel møtt til årsmøte.
15:15 Restaureringsarbeidet med kunstnarheimen Tintrabakken, Helena Bu og Magnus Dagestad sin heim ved Vosso. Ved Ingebrigt Nesheim og Laila Rynning Veum.
15: 45 Årsmøtesaker
Møtestad for årsmøtet: Olavssalen i 2.høgda
Arrangement i samarbeid med Fortidsminneforeinga Voss lokallag og Voss herad.

Skipa 9.mars 2022
Voss lokallag er ei underavdeling av Fortidsminneforeningen Hordaland avdeling
Lokallaget sitt verkeområde er Voss herad
Laget sitt føremål er å arbeida for bevaring av verneverdige kulturminne og å skapa ei ålmenn forståing for kulturminnevern i sitt verkeområde
Organisasjonsnummer: 9293 41201
Kontonummer: 3480 13 52954
Innkalling til årsmøte 2026
Sundag 1.mars kl 15:45
Voss folkemuseum
Før årsmøtet:
14:00: Føredrag /workshop: «Høvelen er som eit instrument som å stemmast for å fungera skikkeleg». Ved båtbyggjar Peter Helland Hansen, Hardanger fartøyvernsenter. Arrangement i samarbeid med Voss folkemuseum og Voss herad i samband med utstillinga i museet: Frå skog til drake-om verktøybruk i førindustriell tid. https://hardangerogvossmuseum.no/program_/fra-skog-til-drake/ (sjå vedlegg)
15:15: Restaurering av Kunstnarheimen Tintrabakken, Helena Bu og Magnus Dagestad sin heim ved Vosso. Ved Ingebrigt Nesheim og Laila Rynning Veum frå Bergslistiftinga.
Ca. 15:45: Årsmøte
Dagsorden:
Sak 1/25 Godkjenning av dei frammøtte representantane
Sak 2/25 Godkjenning av innkalling, saksliste og dagsorden
Sak 3/25 Val av møteleiar, referent og to protokollunderskrivarar
Sak 4/25 Årsmelding 2025
Sak 5/25 Revidert rekneskap 2025
Sak 6/25 Handlingsplan 2025
Sak 7/25 Budsjett 2025
Sak 8/25 Innkomne saker
Sak 9/25 Val av styre
Sak 10/25 Val av valnemnd
Medlemer har gratis tilgang til føredraga.
Det vert enkel servering.
VEL MØTT!
For styret
Valborg Kløve- Graue
Styreleiar