AVLYST: TREseminaret på Dovre

Publisert 06.01.2020

TREseminaret på Hjerleid på Dovre blir i 2020 arrangert for 16. gong

Seminaret er avlyst grunnet korona-situasjonen.

Du vil som deltakar få eit solid fagleg utbytte, og høve til å møte andre med felles interesser og i same bransje. Dette er ein fin arena for å bygge nettverk for deg sjølv eller bedrifta di, samt ha det triveleg i eit inspirerande miljø. 100-120 handverksinteresserte ikkje berre frå Noreg, men og rundt om i Skandinavia og frå "det store utland" samlar seg på Dovre i veke 17 kvart år. Seminaret består av ei rekkje handverks- og husflidskurs over tre og fire dagar utover veka, samt tilbod om foredrag på kveldstid.

PRISER, KURS OG PÅMELDING

I tillegg til dei to kursa der ein følgjer treet frå "rot til brød", og tekker tak med "rådvill" skifer, blir det kurs i dekorasjonsmåling, møbelsnekring, vindusrestaurering, tørrmuring, lafting, hest og skogsdrift, smikurs, bokbinding og tredreiing. Eit kurs som er svært populært er opplæring i restaurering av vindauge på gamlemåten. Lærarar her er Lars og Victoria Munthe Kaas. Elles nyttar TREseminaret kjende og akta læremeistrar i fagmiljøet, som Jon Bojer Godal, Jo Kåre Bakke, Robert Wiik og Henning Olstad - alle med lang erfaring og imponerande merittlister.

Lærerikt for heile familien

TREseminaret har tilbod for heile familien. I tillegg til dei vanlege verkstadtilboda, har seminaret og  Barnas TREseminar, med kurs spesielt tilpassa barn og ungdom og formidling av tradisjonshandverk til denne aldersgruppa. Kurs er utruleg triveleg og sosialt. Det er heller ikkje slik at ein må ha erfaring frå tidlegare for å delta på kursa våre. Her er alle velkomne om dei er erfarne eller nybegynnarar. 

Årleg er det aktuelle utstillingar som reflekterer kursa eller dei ulike temaa for seminaret. Seminar, kurs og utstillingar er lokalisert på Hjerleid og i Bygningshistorisk park på Dovre. Foredraga er på Toftemo turiststasjon, alt i nærleiken av Dovre sentrum.

Treseminaret er eit samarbeid mellom Senter for bygdekultur, Handverksskolen, Dovre handverkssenter, Norges Husflidslag og Studieforbundet kultur og tradisjon. Nina Ophaug er prosjektleiar og koordinator for påmelding.

Beste helsing

Torunn Elise Kveen

Kommunikasjonsrådgjevar

Studieforbundet kultur og tradisjon
Vågåvegen 35, 2680 Vågå

Tlf.: 61 21 77 50/41809366
www.kulturogtradisjon.no

torunn@kulturogtradisjon.no