Møte om berekraftig byutvikling, bygningsvern og byvern
Publisert 08.11.2021
Fortidsminneforeningen, Nordland avdeling og Salten lokallag ønskjer alle velkommen til eit ope møte om bygnings- og byvern 15. november, kl 1800
Ope møte på Atelier Nōua, Storgata 56 (Goodtemplarhuset) i Bodø.
Til møtet vil Bo Alexander Granbo frå Fortidsminneforeningen innleie om bevaringsaksjonisme i byutvikling. Utgangspunktet er at Fortidsminneforeningen aktivt arbeider for vern av historiske bygningar over heile landet. Han vil forklare kva som blir gjort og spør om det nyttar. Med utgangspunkt i aksjon «Redd eit hus» vil Granbo gi eksempel og verktøy som kan nyttast i lokale vernekampar, og opne for diskusjon om korleis og korfor vernearbeid er en viktig del av byutviklinga.
I tillegg vil Astrid Marie Holand gi ei innleiing om arbeidet med å berge Parkveien 51 i Bodø.